Tilpassa statistikk

Sist oppdatert: 28. november 2017 .

Mot eit gebyr kan du bestille eit utval statistikk frå de fleste av registera våre.

Om du ikkje finn dei opplysningane du leiter etter, kan vi tilby ein tilpassa statistikk.

Eksempel på tilpassa statistikk:

  • Tal på allmennaksjeselskap og tal på styremedlemmer pr. 31.12.2016, fordelt på kvinner og menn.
  • Tal på nyregistrerte og sletta einingar med ein bestemt næringskode, i Tromsø, i perioden 2016 og 2017.
  • Tal på AS i Oslo som ikkje har revidert årsrekneskapen, og tal på registrerte AS i Oslo.
  • Tal på nyregistrerte AS med kapital på kr 30 000 i perioden 1.1.2012-30.4.2012, og tal på sletta norskregistrerte utanlandske selskap i den same perioden.

Send oss ein førespurnad om ønska statistikk. Vi sender deg det du bestiller på e-post.

Ferdigproduserte statistikkar

Kanskje finn du det du leiter etter i dei ferdigproduserte statistikkane våre som er klare til nedlasting. Her kan du finne statistikk frå 2013 og fram til i dag.