Statistikk frå Kommunalt rapporteringsregister

Sist oppdatert: 27. oktober 2017 .

Ved innmelding av nye rapporteringsplikter til Kommunalt rapporteringsregister gir etatane eit estimat over tidsforbruket ved forarbeidet og utfyllinga av skjema. Ut frå dette, kombinert med tal på innsendingar per år, kan Kommunalt rapporteringsregister vurdere det totale belastningsnivået for kommunesektoren.

Grafane nedanfor indikerer korleis belastningsnivået endrar seg over tid.

Ved utgangen av 2016 var det registrert 155 skjema med ei samla arbeidsbelastning på litt i overkant av 123 årsverk.
Nokre rapporteringsplikter har meir enn eitt skjema.

Last ned heile statistikken tilbake til 2005, med notar og forklaringar