Opne data

Sist oppdatert: 26. november 2018 .

Her finn du datasett fra Brønnøysundregistera som er tilgjengeleg som opne data. Tenesta er gratis.

Datasettet blir tilbode i eit API (Application Programming Interface) som støttar både enkeltoppslag, samansette søk og nedlasting av komplett datasett. Du kan også søke etter informasjon for presentasjon direkte på skjerm.

Lisens

Datasetta følger Norsk lisens for opne data (NLOD). Det er ikkje nødvendig å registrere seg for å ta datasettet i bruk.