Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Varslingsadresser til bruk for offentleg forvaltning

Sist oppdatert: 11. september 2019 .

Varslingsadressene for einingar er tilgjengeleg for oppslag i eit maskinelt grensesnitt. Det er berre offentleg forvaltning som kan bruke dei.

Varslingsadresser er e-postadresser eller mobiltelefonnummer. Desse blir brukt av det offentlege for å varsle om viktige meldingar som blir levert digitalt. For at eininga skal kunne få enkeltvedtak og andre viktige meldingar digitalt, pålegg eForvaltningsforskrifta det offentlege å varsle om utsending av slike meldingar. Du finn retningslinjene til høgre på denne sida.

Opplysingane er ikkje offentlege, men tenesta gir offentleg forvaltning tilgang til varslingsadressene som er registrert i Einingsregisteret. Tenesta er gratis å bruke. Oppslag på eit organisasjonsnummer hentar alle varslingsadressene som er registert på ei eining. Namn og organisasjonsform blir også presentert. Om du gjer oppslag på ei undereining som ikkje har registrert varslingsadresse, presenterer vi varslingsadressene som er registrert på hovudeininga.

Korleis får eg tilgang?

For å nytte tenesta treng du eit X.509 verksemdssertifikat for autentisering . Dette kan du lese meir om i den tekniske beskrivinga av tenesta. Einingar i offentleg forvaltning med organisasjonsform staten, fylkeskommune, kommune, administrativ eining i offentleg sektor og organisasjonsledd kan gjere oppslag. Det er mogleg å søke om tilgang for einingar som høyrer til offentleg forvaltning, men som har ei anna organisasjonsform enn dei nemnde. Søknaden, som du sender oss på e-post, må innehalde dokumentasjon som viser at de treff enkeltvedtak eller driv myndigheitsutøving.

Kva einingar har varslingsadresser?

Alle som er registrert i Einingsregisteret har plikt til å melde minst ei varslingsadresse. Undereiningar er ikkje pålagd å oppgi varslingsadresse, men kan gjere det om dei har behov for det.

Korleis melder eg frå om feil i varslingsadresser for einingar?

Alle som er registrert i Einingsregisteret har plikt til å halde eigne varslingsadresser korrekte. Adressene blir oppdatert i eininga sin profil i Altinn. Om du oppdagar at ei varslingsadresse er feil og eininga ikkje retter ho, kan du sende ein e-post til oss. Du må oppgi namn og organisasjonsnummer på eininga endringa gjeld. Du må også fortelje kva adresse som er feil og kva de har gjort for å få eininga sjølv til å rette ho. Legg ved kopi av for eksempel e-post frå dykk der eininga er bedt om å rette opp feil.