Tilpassa uttrekk av registerinformasjon

Sist oppdatert: 9. mars 2018 .

Mot eit gebyr kan du bestille tilpassa samanstilling av opplysningar frå dei fleste av registera våre.

Ein stor del av offentlege opplysningar som er registrerte hos oss ligg tilgjengeleg i form av opne data, slik at du sjølv kan hente ut informasjon du er ute etter. Er du på jakt etter opplysningar som ikkje er tilgjengelige i opne data, kan du sjå informasjon om standardprodukta våre eller bestille eit tilpassa uttrekk.

Her er eksempel på uttrekk vi kan levere:

  • Spesifiserte rekneskapstal for alle aksjeselskap i Trondheim kommune.
  • Liste med alle einingar i Oslo med ei omsetning på meir enn 50 millionar kroner i 2016.
  • Liste med alle NUF i Oslo og Stavanger med morselskap i Storbritannia.
  • Alle einingar i Tromsø som har fleire enn 10 tilsette og som har registrerte utleggsforretningar i Lausøyreregisteret.
  • Liste med einingar som er oversende skifteretten på grunn av manglande styre, revisor eller innsend rekneskap.

Alle produkt kan leverast elektronisk i ulike format. Send ein førespurnad via kontaktskjemaet vårt.