Avgrensa tilgang til Einingsregisteret

Sist oppdatert: 21. januar 2019 .

Vi tilbyr ein avgrensa maskinell tilgang til Einingsregisteret for private aktørar.

Når du nyttar denne tenesta, kan du velje mellom

  • basisdata mini – teneste som inneheld organisasjonsnummer, organisasjonsform, namn, forretningsadresse og postadresse.
  • kontaktdata – teneste som inneheld telefonnummer, telefaksnummer, mobiltelefonnummer, e-postadresse og heimesideadresse.
  • namnesøk – teneste som gjer det mogleg å finne eit organisasjonsnummer ved å søke på namn/føretaksnamn.
  • særlege opplysningar – teneste som inneheld statusinformasjon. Blant anna får du vite om einingane er registrerte i Føretaksregisteret eller Meirverdiavgiftsregisteret, eller om eininga er under konkursbehandling.
  • opplysningar frå tilknytta register– teneste som inneheld informasjon frå tilknytta register. Informasjon om næringskode, sektorkode, ansvarskapital og tal på tilsette er ein del av denne tenesta.
  • Frivilligregisteret – teneste som inneheld registreringsdato i Frivilligregisteret, kategori, kontonummer, sist registrerte vedtekter med registreringsdato, siste årsrekneskap med registreringsdato og deltaking i grasrotdelen.
Prisar

Årleg fast pris for løysinga er kr 5 000,- inklusiv oppslag.

Ønsker du tilgang til registerinformasjon frå Einingsregisteret med web services? Sjå under «Korleis få tilgang» nedanfor.

Innhald i tenesta og teknisk dokumentasjon

Du må sjølv utvikle applikasjonane som skal importere data frå Einingsregisteret. Vi bidrar ikkje med teknisk bistand på dette området, men kan gi fagleg rådgiving når det gjeld bruk av grunndata frå Einingsregisteret.

Her finn du meir informasjon.

Korleis få tilgang

Du får tilgang til løysinga ved å sende oss ein e-post. I den gir du opp kva tenester du ønsker tilgang til. Samtidig godkjenner du vilkåra ovanfor for bruk av web services-løysinga.

Kontakt oss

For meir informasjon om tenesta, ta kontakt med oss på e-post