Maskinlesbare data frå Einingsregisteret

Sist oppdatert: 15. januar 2018 .

Brønnøysundregistera tilbyr online tilgang til data frå Einingsregisteret distribuert gjennom teknologien Web Services.

Ved hjelp av organisasjonsnummer eller fødselsnummer kan du søke direkte i databasen til Einingsregisteret via eigne system. Dataa er myndigheitskontrollerte og blir leverte i XML-format. Løysinga kan tilpassast ulike system og behov, då dataa er inndelte i ulike grupper.