Informasjon om produkta våre

Sist oppdatert: 12. januar 2018 .

I nettbutikken kan du bestille produkt både på ditt eige og andre sitt selskap, mens du i Altinn må ha tilgang til eininga for å gjere dette

Firmaattest
ProduktAltinnNettbutikkTelefon
Firmaattest norskGratisGratis*181,-
Firmaattest norsk m/tidlegare namnXGratis*181,-
Firmaattest engelsk, notarialstadfesta X424,-424,-
Firmaattest engelsk m/tidlegare namn, notarialstadfestaXX424,-
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen
*det kjem gebyr på bestillingar i nettbutikken med utsending per post

Vi kan også notarialstadfeste dei norske attestane. Dette kostar 424 kroner. Alle notarialstadfesta attestar blir sende per post, vanlegvis etter ein virkedag. Andre attestar blir sende på e-post med ein gong.

Firmaattest er

  • ei stadfesting på at føretaket er registrert i Føretaksregisteret
  • ei stadfesting på kven som er ansvarlege for selskapet
  • legitimasjon overfor långivar, kundar og leverandørar

Eksempel på firmaattestSjå eksempel på firmaattest (pdf)

Kva er skilnaden på ein firmaattest og ei registerutskrift?

Firmaattest finst berre på føretak som er registrert i Føretaksregisteret. Er føretaket registrert i Einingsregisteret, må du i staden bestille ei registerutskrift. Ho inneheld den same informasjonen som ein firmaattest, og er ein legitimasjon overfor långivarar, kundar og leverandørar.

Firmaattest inneheld informasjon om

  • organisasjonsnummer
  • føretaksnamn
  • forretningsadresse
  • styremedlemmer
  • dagleg leiar
  • signatur og prokura
  • aksjekapital
  • avvikling på grunn av konkurs eller oppløysing

Engelske firmaattestar

Engelske firmaattestar inneheld ikkje opplysningar om vedtektsfesta formål. Dersom dette skal føyast til, må det ligge føre ei omsetting av ein autorisert translatør.

Registerutskrift
ProduktAltinnNettbutikkTelefon
Registerutskrift norskGratisGratis*120,-
Registerutskrift engelsk XX424,-
Registerutskrift frå Frivilligregisteret norskXGratisX
Utskrift frå PartiregisteretXGratisX
Registerutskrift frå Frivilligregisteret, engelsk X424,-424,-
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen
*Det kjem gebyr på bestillingar i nettbutikk med utsending per post

Vi kan notarialstadfeste disse produkta dersom du ønsker det. Då må du ta kontakt med oss. Pris for eit notarialstadfesta produkt er 424 kroner. Slike utskrifter blir sendt pr post, vanlegvis etter ein virkedag. Andre utskrifter blir sendt på e-post med ein gong.

Registerutskrift er

  • ei stadfesting på at ei foreining, eit enkeltpersonføretak eller andre einingar er registrert i Einingsregisteret
  • ei stadfesting på kven som er ansvarlege for eininga
  • legitimasjon overfor bankar, kundar og leverandørar

Eksempel på registerutskriftSjå eksempel på registerutskrift (pdf)

Registerutskrift inneheld informasjon om

  • organisasjonsnummer
  • namn
  • forretningsadresse og postadresse
  • styremedlemmer med folkeregistrerte adresser
  • dagleg leiar/kontaktperson med adresse
  • næringskode
  • registreringer i andre offentlege register som Meirverdiavgiftsregisteret og NAV/Aa-registeret

Engelske registerutskrifter

Engelske registerutskrifter inneheld opplysningar om næringskoden, men ikkje vedtektsfesta formål. Om formålet skal føyast til, må det omsettast av ein autorisert translatør.

Rolleoversikt
ProduktAltinnNettbutikkTelefon
Rolleoversikt, norskGratisGratis181,-
Historisk rolleoversikt, norskXX181,-
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen

Rolleoversikt blir sendt på e-post med ein gong når du bestiller i nettbutikken.

Ei rolleoversikt

  • viser kva roller ein person eller eit føretak er registrert med i Føretaksregisteret
  • innehelder opplysningar om rolleinnehavar som styreleiar, styremedlem, signatur, prokura eller dagleg leiar

Eksempel på rolleoversiktSjå eksempel på rolleoversikt (pdf)

Rolleoversikt på engelsk

Treng du dokumentasjon til bruk i utlandet, kan du bestille ei rolleoversikt på engelsk. Sjå informasjon om spesialstadfestingar i produktinformasjonen.

Ei historisk rolleoversikt

  • viser kva roller ein person har hatt etter 01.03.1995

 

Panteattest
ProduktAltinnNettbutikkTelefon
Panteattest på org.nr, norskGratisGratis*181,-
Panteattest på fødselsnummer, norskGratisGratis*181,-
Panteattest på motorvogn, norskXGratis*181,-
Panteattest fra AkvakulturregisteretXX150,-
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen
*Det kjem gebyr på bestillingar nettbutikk med utsending per post

Panteattesten blir sendt på e-post umiddelbart når du bestiller  i nettbutikken. Bestilling på telefon blir sendt per post etter ein virkedag.

Ein panteattest

  • viser pant og hefte på motorvogn, person eller føretak
  • er eit legitimasjonsdokument over tinglyste hefte
  • bidrar til å dokumentere at du var i god tru om det oppstår tvist

Eksempel på panteattestSjå eksempel på panteattest (pdf)

Ein panteattest på fødselsnummer inneheld eventuelle opplysningar om tinglyste ektepakter etter 01.01.1981.

Panteopplysningar på engelsk

Treng du ein dokumentasjon til bruk i utlandet, kan du bestille panteopplysningar på engelsk. Sjå informasjon om spesialstadfestingar i produktinformasjonen.

Utleggstrekk / inkje til utlegg
ProduktAltinnNettbutikkenTelefon
Utleggstrekk/inkje til utlegg, privatpersonXXGratis
Utleggstrekk/inkje til utlegg, andre aktørarXX181,-
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen

Dette produktet blir sendt per post etter ein virkedag.

Utleggstrekk betyr at

  • ein person eller sjølvstendig næringsdrivande har eit uoppgjort pengekrav
  • det blir halde ei utleggsforretning der Namsmannen vedtar at personen skal bli trekt i lønn eller trygd
  • personen blir trukke eit bestemt beløp kvar månad direkte av arbeidsgivaren eller NAV

Eksempel på utleggstrekkSjå eksempel på utleggstrekk (pdf)

Inkje til utlegg betyr at

  • ein person eller eit selskap ikke har nokon eigedelar som Namsmannen kan ta utlegg i

Kven kan bestille stadfestinga?

  • Ein person kan bestille stadfesting på sitt eige fødselsnummer
  • Dagleg leiar eller styreleiar kan bestille stadfestinga på føretaket sitt
  • Andre som kan bestille produktet er:
    • Advokatar
    • Finansinstitusjonar
    • Inkassobyrå
    • Kredittopplysningsbyrå
    • Offentleg myndigheit til kundane sine.

Kredittopplysningsbyrå kan levere ut opplysningar til kundane sine.

Stadfesting frå Konkursregisteret
ProduktAltinnNettbutikkTelefon
Stadfesting frå Konkursregisteret, norskGratisGratisX
Forsikringsstadfesting, norskXX181,-
Utskrift frå KonkursregisteretXXGratis
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen

Produktet blir sendt på e-post med ein gong når du bestiller det i nettbutikken. Bestilling på telefon blir sendt per post etter ein virkedag.

Stadfesting frå Konkursregisteret betyr

  • at det ikkje er registrert konkursopplysningar på eit føretak eller ein person

Stadfesting frå Konkursregisteret på engelsk

Treng du dokumentasjon til bruk i utlandet, kan du bestille konkursfriheitsbevis på engelsk. Sjå informasjon om spesialstadfestingar i produktinformasjonen.

Forsikringsstadfestingar inneheld informasjon om

  • personleg konkurs
  • konkurskarantene
  • tvungen gjeldsforhandling etter konkursloven
  • gjeldsforhandling og gjeldsordning etter gjeldsordningsloven

Utskrift frå Konkursregisteret inneheld informasjon om

  • dagleg leiar
  • styreleiar
  • revisor
  • personar sine roller i andre føretak
  • konkurskarantene på ein person

Denne utskrifta er tilgjengeleg for bustyrar, offentlege myndigheiter og personen sjølv i inntil 10 år etter avslutningsdato for konkursen. For andre personar er ho tilgjengeleg i fem år etter avslutningsdatoen.

Konsernstruktur
ProduktAltinnNettbutikkTelefon
Stadfesting på konsernstrukturGratisGratisX
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen

Konsernstrukturen blir sendt på e-post med ein gong når du bestiller han i nettbutikken.

En konsernstruktur inneheld informasjon om

  • organisasjonsnummer og namn på firma
  • kva føretak som er morføretak
  • kva føretak som er dotterselskap
  • morselskapet sin eigarandel ført opp i prosent
  • dato for når opplysninga blei registrert

Eksempel på konsernstrukturSjå eksempel på konsernstruktur (pdf)

Konsernstruktur på engelsk

Treng du dokumentasjon til bruk i utlandet, kan du bestille stadfesting på konsernstruktur på engelsk. Sjå informasjon om spesialstadfesting i produktinformasjonen.

Kopi av dokument
ProduktAltinnNettbutikkTelefon
Kopi av dokument for aksjeselskap og allmennaksjeselskapX241,-241,-
Kopi av dokument for foreiningar og andre organisasjonsformerXX241,-
Kopi av registrerte prospektXX241,-
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen

Kopi av dokument blir sendt per e-post etter normalt ein virkedag. Desse kan om ønskeleg notarialstadfestast.

Kopi av dokument er

saksdokument som blir sendt inn i samband med registrering av opplysningar i Brønnøysundregistera.

Her er nokre eksempel på dokumenttypar:

  • Vedtekter
  • Selskapsavtaler
  • Generalforsamlingsprotokoll
  • Årsmøteprotokoll
  • Stiftelsesdokument
  • Prospekt

Notarialstadfesting av dokument

Bestilling av dokument vil innehalde eventuelle innsende dokument på engelsk. Vi omset ikkje dokument som berre føreligg på norsk.

Kopiane kan om ønskeleg notarialstadfestast.

Kopi av tinglyste dokumenter
ProduktAltinnNettbutikkTelefon
Gjenpartskopi frå LausøyreregisteretXX181,-
Gjenpartskopi frå AkvakulturregisteretXX150,-
Kopi av tinglyst ektepaktXX181,-
Kopi av gjeldsordningsavtaleXX181,-
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen

Kopi av tinglyste dokument blir bekrefta rett kopi med stempel og signatur. Desse blir sende per e-post etter normalt tre virkedagar.

Kopi av tinglyste dokument inneheld

informasjon om hefte som ikkje gjeld fast eigedom som for eksempel

  • Bilar og andre køyretøy
  • Inventar
  • Anleggsmaskinar
  • Varelager

Ein panthavar kan sikre rettigheiter i gjenstandar ved å tinglyse dei i Lausøyreregisteret. Er pantegjenstanden ei registrert motorvogn, blir heftet knytt til registreringsnummeret.

Andre dokument som kan tinglysast er ektepakter, gjeldsordningar og akvakulturløyve.

Kopi av gjeldsordningsavtale inneheld informasjon om

  • namn på den som har fått innvilga gjeldsordning
  • kor saka er i saksbehandlingsprosessen
  • namsrett eller namsmann som har behandla saka
  • fristar

Kven kan bestille ei gjeldsordningsavtale?

  • Namsrett
  • Namsmann
  • Skyldnaren
  • Ektefelle
  • Kreditorar
  • Offentlege myndigheiter

Kopi av tinglyste produkt blir bekrefta «Rett kopi» med stempel og signatur.

Kopi av årsrekneskap
ProduktAltinnNettbutikkTelefon
Kopi av årsrekneskap frå år 2003GratisGratis241,-
Kopi av årsrekneskap før år 2003XX241,-
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen

Kopi av årsrekneskap blir sendt på e-post når du bestiller han i nettbutikken. Bestiller du via telefon, tar det normalt ein virkedag før han blir sendt per post.

Årsrekneskap inneheld

  • resultatrekneskap
  • balanse
  • notar
  • årsmelding
  • revisjonsmelding dersom selskapet har registrert revisor
  • konsernrekneskap om det finst

Årsrekneskap før år 2003

Kopi av årsrekneskap er tilgjengeleg i nettbutikken frå og med rekneskapsåret 2003. Dersom du treng årsregneskap før dette, må du bestille per telefon.

Godkjent årsregneskap

Treng du en dokumentasjon på godkjent årsrekneskap til bruk i utlandet, kan du bestille ei stadfesting på engelsk. Sjå informasjon om spesialstadfestingar i produktinformasjonen.

Spesialstadfestingar
ProduktAltinnNettbutikkTelefon
Stadfestingar frå BrønnøysundregisteraXX424,-*
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen

X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen

*Minstegebyr kr 424, deretter kr 60 per melding som er grunnlag for stadfestinga

Du kan bestille stadfestingar på

  • fusjon og fisjon
  • historisk rolleoversikt
  • all informasjon på ein bestemt dato
  • alle registrerte namneendringar
  • kapitalaukingar og kapitalnedsetjingar
  • avvikling av føretak utan informasjon om roller
  • overdraging av verksemd
  • Certificate of Good Standing
  • konkursfriheitsbevis, berre engelsk
  • panteopplysningar, berre engelsk
  • konsernstruktur, berre engelsk
  • at årsrekneskapen er godkjend, berre engelsk

Alle stadfestingane blir signerte og sende per post. Stadfestingane kan om ønskeleg også notarialstadfestast. Du kan få alle stadfestingane på engelsk.

Send bestilling til oss på e-post.

Leveringstida er normalt sju dagar.

Klientoversikt
ProduktAltinnNettbutikkTelefon
Klientliste for revisorXGratisX
Klientliste for rekneskapsførarXGratisX
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen

Klientoversikt blir sendt på e-post med ein gong når du bestiller  i nettbutikken.

Ei klientliste inneheld informasjon om organisasjonsnummer og namn på firma

  • adresse
  • registreringsdato av klientforholdet

Du får dei fleste produkta i nettbutikken tilsendt som ei PDF-fil i ein e-post. Kopiar av dokument og notarialstadfesta firmaattestar er ikkje nedlastbare, og blir levert som vedlegg i ein e-post etter normalt ein virkedag.