Abonnement på roller i føretak

Du kan abonnere på oversikt over kven som har roller i næringsdrivande føretak.

Du kan velje om du vil ha opplysningar om roller frå både Einingsregisteret og Føretaksregisteret eller berre eitt av desse. Dette blir levert i to ulike filer. Filene viser totalbestanden av roller. Det er ikkje mogleg å abonnere på rolleendringar for ein spesiell periode.

Filene inneheld opplysningar om fødselsdato. Har du konsesjon frå Datatilsynet for kredittopplysningsverksemd, kan vi levere filene med opplysningar om fødselsnummer og kjønn.

Opplysningar som inngår er: Organisasjonsnummer, føretaksnamn, fødselsdato/fødselsnummer/organisasjonsnummer, namn, rolle, adresse, postnummer, poststad, land, vald av, ansvar, kjønn og dato.

Du kan få levert rolleopplysningar dagleg, kvar veke eller kvar månad. Vi kan avtale sjeldnare levering om det er ønskeleg.

Prisar og vilkår
  • Levering kvar månad med rolleopplysningar frå eitt register: 5000,- (60 000,- per år)
  • Levering kvar månad med rolleopplysningar frå begge registera: 10 000,- (120 000,- per år)
  • Levering kvar dag/veke med rolleopplysningar frå eitt register: 10 000,- (120 000,- per år)
  • Levering kvar dag/veke med rolleopplysningar frå begge registrera: 15 000,- (180 000,- per år)
Avtaler
  • Vilkår for abonnement på roller frå Einings- og Føretaksregisteret blir regulert av standard rammeavtale.
  • Du må signere og sende inn både rammeavtale og underavtale for å få tilgang til tenesta.
  • Du kan sende avtalen til oss enten via e-post eller post.

Rammeavtale (PDF)

Underavtale Roller (PDF)

Teknisk beskriving

Filene er kolonnebaserte og blir leverte i tekstformat. Filene kan opnast i Excel eller i ein god teksteditor. Levering føregår ved at vi opprettar ein sftp-konto for deg. Vi legg filene på denne kontoen etter avtalt leveringshyppigheit.

Kontakt oss

For meir informasjon om teenesta, ver vennleg å ta kontakt med oss på e-post.