Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Abonnement på kunngjeringar

Sist oppdatert: 17. oktober 2019 .

Treng du oppdateringar frå oss kvar veke eller kvar dag, kan du abonnere gratis på opplysningar frå kunngjeringsbasen vår.

Det finst tre ulike abonnementstypar

Abonnement på spesifiserte organisasjonsnummer

Du kan blant anna abonnere på opplysning om

  • endringer av namn, adresser
  • roller og kapital
  • godkjend årsrekneskap
  • fusjon og fisjon
  • avvikling
  • konkurs, tvangsavvikling
  • gjeldsforhandling

Du kan abonnere på opptil 5 000 organisasjonsnummer. I abonnementsperioden kan du legge til eller fjerne organisasjonsnummer.

Les meir om de ulike kunngjøringstypane.

Abonnement på spesifiserte fødselsnummer og/eller d-nummer

Du kan abonnere på opplysning om

  • konkurs
  • gjeldsforhandling

Du kan abonnere på opptil 5000 fødselsnummer/D-nummer.

Abonnement på spesifiserte kunngjeringstypar og/eller geografisk område

Du kan abonnere på opplysningar frå heile landet, ein landsdel, ei fylke eller ein stad.

Vel mellom

  • alle kunngjeringar
  • oppløysing/sletting
  • føretaksnamn
  • endringar
  • konkurs/tvangsavvikling
  • kreditorvarsel
  • mottatte årsrekneskap
  • politiske parti
  • gjeldsforhandling
  • kunngjeringar frå Stiftelsestilsynet

Abonnementsvilkår

Abonnementet varer i 12 månader frå bestillingsdato. Du får varsel om utløpsdato etter 11 månader. Etter innlogging kan du under «Mine abonnement» sjøv endre, fornye eller slette abonnementet. På sida «Arkiv» finn du alle leveransane dine dei siste 30 dagene.

Abonnement er knytt til registrert e-postadresse og kan ikkje endrast. Ny abonnent må registrere seg som eigen brukar i nettbutikken vår.

Levering av kunngjeringane

Kva dag eller kvar veke får du leveringar på e-post med lenke til kvar kunngjering.

Daglege leveringar inneheld kunngjeringar frå dagen før. Desse blir sende på e-post frå tysdag til laurdag, tidleg på morgonen.

Leveringar kvar veke inneheld kunngjeringar frå veka før, og blir sende på e-post laurdag eller søndag kveld.

Vilkår for å bruke tenesta

Du må gi opp kjelde om du skal bruke informasjon frå Brønnøysundregistera.

Det er ikkje tillat å bruke registeropplysningar henta frå nettsidene våre  til forlagsverksemd, kommersiell distribusjon eller til drift av søkbare databasar utan førehandssamtykke frå oss. Vi avgjer i tvilstilfelle kva som reknast som forlagsverksemd, kommersiell distribusjon og drift av søkbare databasar.

Vi er ikkje ansvarlege for moglege innhaldsmessige feil i opplysningane, og heller ikkje for følgene av eventuell driftsstans, innskrenkingar i tilgjengelegheit eller andre systemfeil.

Vi kan til kvar tid gjere endringar i informasjonselement og tenester som skal vere tilgjengelege via dette abonnementet.