Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Abonnement på kunngjeringar i xml-format

Sist oppdatert: 10. april 2019 .

Du kan abonnere på kunngjeringar av daglege registreringar.

Du får kunngjeringar frå Føretaksregisteret, Konkursregisteret, Rekneskapsregisteret, Partiregisteret og Stiftelsestilsynet. Desse kunngjeringane er tilgjengelige i xml-format. Løysinga er bygd opp slik at du sjølv bestemmer kva kunngjeringstypar du ønsker å abonnere på.

Ynskjer du for eksempel å bygge opp ein database med dei same kunngjeringstekstane som inngår i kunngjeringsløysinga, kan du abonnere på dette.

 

Bestilling

For å teikne abonnement må du krysse av i abonnementsoversikta kva kunngjeringstypar som skal inngå i abonnementet. Dette sender du til oss sammen med standardavtala som du finner under «Avtaler». Når vi tar imot avtale i utfylt/signert stand, startar leveringa.

Abonnementsoversikt (PDF)

Prisar og vilkår

Prisen på abonnementet avheng av talet på kunngjøringstypar du abonnerer på. Dette går fram av abonnementsoversikta.

Abonnementsoversikta inngår som vedlegg til avtalen som blir teikna mellom Brønnøysundregistera og abonnenten.

Avtaler
  • Vilkår for abonnement på kunngjeringar blir regulert av standard avtale.
  • Du må signere og sende inn både standardavtale og Vedlegg 1 Abonnementsoversikt for å få tilgang til tenesta
  • Du kan sende avtalene til oss enten via e-post eller post.

Standardavtale kunngjeringar (PDF)

Vedlegg 1 Abonnementsoversikt (PDF)

Teknisk beskriving
  • Vi leverer ei zippa fil som inneheld ei fil per kunngjering for kvar kunngjeringstype du abonnerer på. Blir det kunngjord ti nye føretak i Føretaksregisteret ein dag, vil vi levere ti filer av typen ”Nyregistrering” (NYFR).
  • Levering går føre seg ved at vi opprettar ein sftp-konto for deg.

Ønsker du teknisk beskriving av korleis filene er bygde opp, kan vi sende deg XSD-filer og XML-som viser dette.

Kontakt oss

For meir informasjon om tenest, ver vennleg å ta kontakt med oss på e-post.