Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Abonnement på årsrekneskapsdata

Sist oppdatert: 8. mars 2019 .

Du kan abonnere på alle årsrekneskapsdata frå Rekneskapsregisteret.

Abonnementsordninga gjeld levering av årsrekneskapstal i xml-format, inkludert revisjonskodar. Du kan også utvide abonnementet til å omfatte levering av kopi av årsrekneskap i tiff-format.

Abonnement på årsrekneskap omfattar alle årsrekneskap som blir registrerte i Rekneskapsregisteret. Dette utgjer ca. 300 000 årleg. Ver merksam på at Rekneskapsregisteret ikkje registrerer aksjonærinformasjon eller lønn til dagleg leiar frå årsregnskapa.

Prisar og vilkår
  • Vi har ein årleg fast pris for levering av årsrekneskapsdata. Han inkluderer både levering av rekneskapstal og ein kopi av årsrekneskapen. Prisen varierer i forhold til kor mange som til kvar tid abonnerer på tenesta. No er det tre aktørar som betaler kr. 800.000,- kvar. Om dette aukar til fire aktørar, blir prisen redusert til kr. 600.000,-.
  • Abonnementet inneheld rekneskapstal, revisjonskodar og kopi av årsrekneskapen.
  • Det er ikkje høve til å selje vidare kopi av årsrekneskap.
Avtaler
  • Vilkår for abonnement på årsrekneskap blir regulert av standard rammeavtale.
  • Du må signere og sende inn både rammeavtale og underavtale for å få tilgang til tenesta.Du kan sende avtalene til oss enten via e-post eller post.

Rammeavtale (PDF)
Underavtale årsrekneskap (PDF)

Teknisk beskriving

Årsrekneskapar blir levert i xml-format til ein SFTP-konto ved Brønnøysundregistera. Vi kan sende deg teknisk dokumentasjon om du ønsker det.

Kontakt oss

For meir informasjon om tenesta, ver vennleg å ta kontakt med oss på e-post.