Korleis tinglyse ektepakt

Sist oppdatert: 25. juli 2016.

Ei ektepakt er ein juridisk bindande avtale mellom ektefellar - inkludert avtalar om overføring av gåver mellom dei.

Det blir stilt visse formkrav til ektepakta, blant anna skal ho vere skriftleg og underskrivast av vitne. For å oppnå rettsvern overfor kreditorane, må ektepakta i tillegg tinglysast i Ektepaktregisteret.

Skal du tinglyse ei ektepakt, må du skrive ho på særskild skjema. Skjemaet kan du laste ned gratis. Vi treng berre eitt originalt eksemplar for tinglysing. Originalen blir skanna hos oss og returnert til innsendaren i tinglyst stand saman med ein tinglysingsattest. Tinglysingsgebyr vil bli ettersendt til innsendaren si adresse.

Ei ektepakt som overdreg fast eigedom frå den eine ektefellen til den andre, må for å få fullt rettsvern også vere tinglyst på eigedomen sitt blad i grunnboka. Partane må sjølve sørgje for tinglysing hos Statens Kartverk.

 

Utfylt skjema sender du til:

Brønnøysundregistera

Lausøyreregisteret

Postboks 905

8910 Brønnøysund