Skal du låne bort pengar til kjøp av bil?

Sist oppdatert: 1. juni 2018 .

Om du låner ut pengar til nokon for å kjøpe bil, er det ei sikkerheit for deg og samtidig ryddig for alle partar om du tinglyser pant i bilen.

Når du gir eit privat lån til ein venn eller slektning for kjøp av bil, kan du tinglyse eit salspant i køyretøyet. Det er berre mogeleg å ta eit salspant i bil på det tidspunktet bilen blir kjøpt.

Ei sikkerheit for deg som låner ut pengar og oversiktleg for andre

Når du som utlånar tar pant i køyretøyet, får du ein rett til for eksempel å kunne krevje at bilen blir seld for å dekke lånet om det skulle skje at du ikkje får betalt. Salspant blir vist som eit hefte på køyretøyet om nokon sjekkar registreringsnummeret hos oss. Dette vil vere ei nyttig opplysning for andre.

Korleis tinglyser du eit salspant?

Fyll ut og send skjemaet Salspant i motorvogn til oss. Det er ikkje mogeleg å sende inn elektronisk for privatpersonar. Om skjemaet er på fleire sider, må kjøpar av bilen skrive under på alle sidene og underskrifta må vere original.

Etter tinglysing blir skjema og panteattest sende til den som står som innsendar. Fakturaen kjem i ettertid.

Hugs at du må velje enten alternativ A eller B

Vel alternativ A når du som seljar av bilen ønsker å ha eit pant i køyretøyet til du får oppgjer. Dette er mest aktuelt når du har avtalt forsinka betaling for køyretøyet.

Vel alternativ B når du verken er kjøpar eller seljar, men ein tredjepart som skal låne bort pengar til eit bilsal og derfor ønsker pant i bilen.