Hefte på person

Sist oppdatert: 12. januar 2018 .

Vi gir deg ei oversikt som viser kva hefte som er registrerte på deg.

I nettbutikken vår kan du bestille ein panteattest på fødselsnummer som viser kva hefte som er registrerte på deg, bortsett frå opplysningar om inkje til utlegg (ingen verdiar å ta pant i) og utleggstrekk (trekk i lønn/trygd). Under vil du finne informasjon om hefte som kan registrerast på ein person hos oss.

Salspant i motorvogn

Når det er registrert eit salspant i motorvogn, vil det seie at for eksempel banken har tatt sikkerheit i bilen for lånet dei har gitt kjøpar. For å finne ut om det er registrert salspant, kan du søke på Hefte i motorvogn.

Leasingavtale

Når du inngår ein leasingavtale på ein bil, vil det seie at du inngår ein avtale om langtidsleige av bilen. Fordi leasing liknar meir på eit salspantkjøp eller eit kredittkjøp, enn ein leigeavtale, gjeld same reglar som for salspant også for leasing.

Utleggspant

Utleggspant er sikkerheit for eit pengekrav som blir stifta med hjelp frå namsmyndigheitene. Utleggspant er sikkerheit for eit pengekrav der saksøkar kan krevje utlegg i saksøkte sine eigedelar. Om det ikkje finst midlar hos saksøkte å ta utlegg i, kan dette føre til utleggstrekk (trekk i lønn/trygd) eller inkje til utlegg.

Utleggstrekk og Inkje til utlegg

Informasjon om inkje til utlegg (ingen verdiar å ta pant i) og utleggstrekk (trekk i lønn/trygd) er unntatt offentlegheit og blir berre gitt til den det gjeld, til advokatar, finansinstitusjonar, inkassobyrå, kredittopplysningsbyrå og offentlege myndigheiter med teieplikt. Opplysingar om inkje til utlegg/utleggstrekk vil ikkje gå fram av ein panteattest, fordi dette er opplysingar som ikkje blir tinglyste, men berre registrerte i ein eigen database. Bestilling av informasjon om inkje til utlegg/utleggstrekk på eige fødselsnummer må du gjere på telefon, og vi sender då opplysingane til den adressa du er ført opp med i Folkeregisteret.

Arrest

Arrest er ei mellombels sikring, og skal sikre eit framtidig oppgjer av eit enno ikkje forfalle pengekrav. Arresten inneber at debitor mister retten til å disponere rettsleg over det arresterte formuesgodet, for eksempel ved sal eller pantsetting. Arrest kan takast i kvart formuesgode som det kan takast utleggspant i.

Sjå informasjon frå politiet om arrest.

Gjeldsordning

Vi tinglyser opning av gjeldsforhandling. Den blir sletta når det blir registrert ei gjeldsordning eller gjeldsforhandlingsperioden er stoppa utan at det er avtalt frivillig eller tvungen gjeldsordning. Opplysingar om opning av gjeldsforhandling og gjeldsordning går fram av panteattesten, men innhaldet i gjeldsordningsavtalen er unntatt offentlegheit.

Verjemål

Privatpersonar kan vere under frivillig eller tvunge verjemål. Vi tinglyser vedtak om

  • mellombels fråtaking av den rettslegen handleevna
  • dom om fråtaking av den rettslege handleevna

Vi tinglyser også framtidsfullmakter som er sette i kraft av fylkesmannen. Vedtak om fråtaking av rettsleg handleevne blir også registrert for innehavar av eller ansvarleg deltakar i eit føretak.

Abandonering

Ved abandonering frigir konkursbuet eigedelar som er utan verdi til skyldnar. Bustyrar sørger for at abandonering blir tinglyst hos oss.

Privat beslagsforbod

Når det er registrert eit privat beslagsforbod, kan ikkje ein kreditor ta beslag i ein person sine konkrete eigedelar ved utlegg, gjeldsforhandling, konkurs eller offentleg skifte av insolvent dødsbu. Private beslagsforbod kan avtalast i eit testament eller gåvebrev. Givaren kan fastsette at beslagsforbodet også skal sikre mottakaren sine arvingar.

Pant i næringsverksemd

Personleg næringsdrivande kan blant anna pantsette varelager, driftstilbehøyr, landbrukslausøyre.