Betalingsmerknader

Sist oppdatert: 12. januar 2018 .

Ønsker du ei oversikt over betalingsmerknadene dine, må du kontakte eit kredittopplysningsbyrå. Vi registrerer berre nokre typar merknader.

Datatilsynet har ei liste over kredittopplysingsbyrå som kan gi deg ei fullstendig oversikt over betalingsmerknadene dine.

Kva merknader registrerer vi?

Hos oss registrerer vi blant anna gjeldsordning, konkurs, utleggspant, trekk i lønn og inkje til utlegg. Gjeldsordning, konkurs og utleggspant er offentleg informasjon, og dette blir vist på ein panteattest som du kan bestille bestille hos oss.

Trekk i lønn eller trygd og inkje til utlegg er ikkje offentlege opplysingar. Du kan bestille ei oversikt over kva som er registrert på deg ved å ringe oss. Vi sender ho til den folkeregistrerte adressa di.

Hefte på person

Eit hefte er ikkje nødvendigvis ein betalingsmerknad. Vi registrerer ulike typar hefte på person.

Ønsker du å slette eit hefte, er det ulike framgangsmåtar etter kva type hefte det er snakk om.