Lisensfelling

Sist oppdatert: 20. mars 2018 .

Du må registrere deg som lisensjeger i Jegerregisteret for å delta på lisensfelling.

For å jakte som lisensjeger må du

  • vere fylt 18 år
  • ha betalt jegeravgift for inneverande jaktår
  • ha overhalde rapporteringsplikta
  • ha med personleg lisens under felling/fellingsforsøk
  • ha med dokumentasjon på gyldig skyteprøve under felling, om du jaktar med rifle

Betaler du jegeravgifta på nettsida vår, kan du registrere deg som lisensjeger med ein gong. Betaler du via bank eller nettbank, må du vente i 2–5 dagar før du kan registrere deg som lisensjeger.

Registreringa som lisensjeger skjer for kvar enkelt rovviltart det enkelte jaktåret. Det betyr at du må gjenta registreringa ved nytt jaktår, eller dersom du ønsker å jakte på fleire rovviltartar. Registreringa er gratis.