Jegerregisteret

Sist oppdatert: 28. september 2018 .

Her kan du finne ut kva opplysningar som er registrerte på deg i Jegerregisteret, betale jegeravgift og bestille jegeravgiftskort.

Om du loggar deg inn på Dine opplysningar i Jegerregisteret, finn du ei oversikt over alle opplysningar som er registrerte på deg. Nedanfor finn du ei oversikt over ofte stilte spørsmål.

Spørsmål om jegernummer

Korleis får eg tildelt eit jegernummer?

Du vil automatisk få tildelt jegernummer og bli registrert i Jegerregisteret når du har bestått jegerprøven.

Eg har gløymt jegernummeret mitt, kor finn eg dette?

Jegernummeret står på jegeravgiftskortet ditt. Du kan også finne dette ved å logge inn på  Dine opplysningar i Jegerregisteret.

Spørsmål om jegeravgift og betaling

Kven må betale jegeravgift?

Alle som skal drive med jakt og fangst i Noreg må betale jegeravgift. Jegeravgifta gjeld for eit heilt jaktår (1. april til 31. mars). Betal jegeravgift i betalingsløysinga vår.

Betalt jegeravgift gir ikkje jaktrett på noko område. Du må også ha løyve frå grunneigar eller rettshavar for å drive lovleg jakt.

Kor mykje kostar det?
Jegeravgift og priar for inneverande jaktår 
Jegeravgift – alt viltkr 422
Jegeravgift – alt vilt unntatt elg, hjort og villreinkr 333
Tilleggsavgift for elg, hjort og villreinkr 89
Ekstra kort (duplikat)kr 67
Tilleggsavgift for manglande fangstrapporteringkr 205
Eg skal på jakt i dag, men har ikkje betalt jegeravgift. Kva gjer eg?

Du må betale jegeravgifta.

Etter at du har betalt, må du enten laste ned kvitteringa som pdf, eller ta imot ho på e-post. Kvitteringa er gyldig som midlertidig jegeravgiftskort i 10 dagar

Vi sender jegeravgiftskortet til deg første virkedagen etter at betalinga er registrert hos oss. Kortet sender vi til den folkeregistrerte adressa di, om du ikkje har gitt opp anna adresse i samband med bestillinga.

Eg skal ikkje jakte i år. Må eg da betale jegeravgift?

Nei. Om du har fått tilsendt faktura frå oss, kan du sjå bort frå den.

Eg har ikkje betalt jegeravgifta. Blir eg då sletta frå Jegerregisteret?

Nei, du blir ikkje sletta frå Jegerregisteret.

Om du ikkje har betalt jegeravgifta dei tre siste åra, får du status som passiv jeger. Det betyr at du ikkje lenger får automatisk tilsendt jegeravgiftskort og innbetalingsgiro. Ønsker du å jakte, må du betale jegeravgifta i  betalingsløysinga vår. Du treng ikkje gå opp til ny jegerprøve.

Kva gjer eg når eg har betalt feil beløp eller betalt fleire gongar?

Send e-post til jegerregisteret@brreg.no. Gi opp jegernummer, kontonummer og forklaring på kva som er betalt.

Spørsmål om jegeravgiftskort

Eg har gløymd eller mista jegeravgiftskortet. Kva gjer eg?

Du må kjøpe duplikat (ekstra kort) i betalingsløysinga vår. Etter at du har betalt, må du enten laste ned kvitteringa som pdf eller ta imot ho på e-post. Kvitteringa er gyldig som midlertidig jegeravgiftskort i 10 dagar.

Duplikatkortet blir sendt ut den første virkedagen etter at du har betalt. Vi sender kortet til den folkeregistrerte adressa di, om du ikkje har gitt opp anna adresse i samband med bestillinga.

Korleis får eg eit nytt jegeravgiftskort?

Du kan bestille jegeravgiftskort på nettsida vår.

Kortet blir sendt ut den første virkedagen etter bestillinga. Vi sender kortet til adressa som er registrert i Folkeregisteret, om du ikkje har gitt opp anna adresse i samband med bestillinga.

Eg har ikkje fått jegeravgiftskortet. Kva kan vere grunnen til dette?

Jegerregisteret kan mangle den riktige postadressa di. Vi sender kortet til den folkeregistrerte adressa. Om du har flytta, må du melde adresseendring til Folkeregisteret.

Om du nyttar postboks eller studentadresse, må du melde frå om dette til Jegerregisteret. Send då ein e-post til jegerregisteret@brreg.no.

Gi opp jegernummeret ditt, og eventuelt tidsrommet for adresseendringa.

Har du eFaktura-avtale med Jegerregisteret, vil du ikkje få jegeravgiftskort i posten i siste halvdelen av mars. Kvittert kort blir då sendt ut fortløpande etter at betaling er registrert. Sjekk at du vel riktig beløp før du godkjenner eFaktura.

Når blir jegeravgiftskort for nytt jaktår sendt ut?

Jegeravgiftskort og innbetalingsgiro blir sendt ut i siste halvdelen av mars.

Har du eFaktura-avtale, blir kvittert jegeravgiftskort sendt ut etter at betalinga di er registrert hos oss.

Eg har nettopp bestått jegerprøven. Når får eg tilsendt jegeravgiftskort?

Vi sender ut jegeravgiftskortet og innbetalingsgiro den første virkedagen etter at du har bestått jegerprøven. Har du bestått prøven mellom 1. januar og midten av mars, får du kortet og giroen i siste halvdelen av mars.

Har du ikkje fylt 16 år, vil du få tilsendt jegeravgiftskortet i siste halvdelen av mars det året du fyller 16 år.

Skal du jakte før 1.april, må du betale jegeravgifta i betalingsløysinga vår.

Spørsmål om fangstrapport

Må eg sende inn fangstrapport sjølv om eg ikkje har vore på jakt?

Ja, om du har betalt jegeravgifta, må du rapportere jakt og fangstutbytte. Fristen for rapportering er 1.mai.

Dette kjem i tillegg til rapportering til grunneigar, fjellstyre eller andre (for eksempel Statskog, eller Finnmarkseigedommen).

Om du ikkje har sendt inn rapport innan 1. mai, må du betale ei tilleggsavgift.

Tilleggsavgifta vil bli lagt til ved betaling av neste års jegeravgift.

Korleis rapporterer eg jakt- og fangstutbytte?

Du kan rapportere jakt og fangstutbytte ved å bruke rapportskjemaet du mottar saman med jegeravgiftskortet i siste halvdelen av mars, eller ved å logge deg inn på Statistisk sentralbyrås rapporteringssystem.

Kontakt Jegerregisteret

Oppgje alltid jegernummer eller fødselsdato i tillegg til namn og adresse når du kontaktar Jegerregisteret.

Telefon + 47 75 00 79 99
Åpningstid: 09 – 14

Postadresse:

Jegerregisteret
Postboks 905
8910 Brønnøysund

E-post:

jegerregisteret@brreg.no

Logo Jegerregisteret