Sletting av ektepakt

Sist oppdatert: 25. juli 2016 .

Ei tinglyst ektepakt kan berre slettast frå Ektepaktregisteret dersom det blir dokumentert at ho har mist rettsverknaden sin, dvs. ved skilsmisse eller død. For å slette ektepakta bør du føre eit slettingskrav på den tinglyste ektepakta eller ein kopi av denne. Brev med krav om sletting blir også godteke dersom ektepakta er godt nok identifisert, med namnet og fødselsnummeret til partane, og gjerne dagboknummer. Sletting må krevjast skriftleg, ettersom vi må ha ei original underskrift frå den som krev sletting.

Dersom partane er skilte, må kopi av skilsmissebevillinga leggjast ved. Dersom ekteskapet har teke slutt ved død, må kopi av dødsattest eller skifteattest leggjast ved. I begge tilfella må den som ber om sletting stadfeste at buet er gjort opp. Det er tilstrekkeleg at den eine av partane krev sletting. Advokat som representerer den eine eller begge partane kan også be om sletting.

Den nemnde dokumentasjonen skal sendast til oss på postadresse:

Brønnøysundregistera

Ektepaktregisteret

Postboks 905

8910 Brønnøysund