Rekneskapsregisteret

Rekneskapsregisteret er den viktigaste datakjelda for alle som vil skaffe seg innsikt i den økonomiske tilstanden i norsk næringsliv.

Innsendingspliktige einingar skal kvart år sende inn årsrekneskap, noter, årsberetning og revisjonsberetning til Rekneskapsregisteret innan ein månad etter at det er vedteke av generalforsamlinga eller tilsvarende organ. Formålet med ordninga er å sikre økonomisk tryggleik og effektivitet – mellom selskapa og styresmaktene, mellom selskapa og publikum, og ikkje minst, selskapa i mellom.  Rekneskapsinformasjonen har offentleg interesse, og gjennom registrering i Rekneskapsregisteret blir denne informasjonen tilgjengeleg i 10 år. Innsende årsrekneskap blir kunngjorde etter registrering.

Innsendingsfrist

Frist for innsending av årsrekneskapen er 31. juli. For einingar med avslutningsdato i perioden 01.01-30.06 er fristen 28. februar (29. februar ved skuddår). Dersom ein rekneskap kjem inn for seint, skal eininga betale forsinkelsesgebyr.

Ansvar

Rekneskapslova slår fast krava til innhaldet i årsrekneskapen, og det er den rekneskapspliktige sitt ansvar at regelverket er følgd. Reknskapsregisteret skal kontrollere at alle nødvendige dokument er lagde ved ut frå dei opplysningane som ligg føre, og at årsrekneskapen er vedteken av eininga sitt kompetente organ.

Kven bruker opplysningar frå Rekneskapsregisteret?

Dei mest aktive brukarane er truleg næringslivsjournalistane. Registeret er også eit viktig hjelpemiddel for finansieringsinstitusjonar og andre som vil gjere seg godt kjende med ein mogleg kontraktspartnar. Rekneskapsregisteret gjev eit viktig kjeldemateriale til næringspolitiske analysar for forskarar og studentar.

Årsrekneskap kan tingast frå nettbutikken vår