Partiregisteret

Partiregisteret er eit register over politiske parti, og hovudformålet er å gi parti høve til å skaffe seg einerett til eit partinamn.

Partiregisteret blei oppretta i 2001, og er eit register over politiske parti, i første rekkje dei landsomfattande politiske partia. Partiregisteret er i tillegg ope for alle parti som fyller vilkåra for registrering.

Registreringa i Partiregisteret gir grunnlag for kven som kan representere partiet overfor valstyresmaktene. At eit parti er registrert i Partiregisteret har også tyding for kva reglar som gjeld i samband med partiet sitt listeforslag og for godkjenning av røystesetlar.

For å registrere eit parti i Partiregisteret, må partiet også vere registrert i Einingsregisteret.

Kva kontrollerast før registrering?

Partiregisteret kontrollerer at det ikkje blir registrert nye partinamn som kan forvekslast med partinamn som tidligare er registrert i Partiregisteret, og at nye partinamn ikke blir forveksla med ideologiske omgrep andre parti historisk og tradisjonelt er blitt knytte til. Nye partinamn skal heller ikkje kunne forvekslast med namn på samepolitiske einingar. Spørsmål om samepolitiske einingar kan rettast til Sametinget.

Når eit partinamn er registrert, sender Partiregisteret varsel til alle dei andre partia og til dei samepolitiske einingane som då har høve til å klage på registreringa dersom dei meiner ho ikkje skulle vorne gjort. I ei eventuell klage skal påstand om forvekslingsfare vere begrunna. Påstander om at registreringa støyter mot ideologiske omgrep som historisk er knytte til andre parti, skal også vere begrunna.

Kva inneheld registeret av opplysningar?

partiregisteret inneheld opplysningar om namnet, organisasjonsnummeret, adressa og kontaktpersonen til partiet som er registrert i Einingsregisteret. I tillegg skal Partiregisteret innehalde opplysningar om partiet sitt utøvande organ som etter vallova skal representere partiet overfor valstyresmaktene. Ved førebuinga av val legg valstyresmaktene til grunn dei opplysningane som er registrert i Partiregisteret per 31. mars i valåret.

Del denne sida: