Konkursregisteret

Sist oppdatert: 10. desember 2015.

Konkursregisteret inneheld opplysningar om konkursbu og tvangsavviklingsbu.

Konkursregisteret blei oppretta i 1993, og inneheld opplysningar om konkursbu og tvangsavviklingsbu. Registeret innehold sentrale opplysningar om kvart bu, blant anna kven som er eller har vore dagleg leiar, styreleiar og revisor i eit konkursramma føretak, og om styreleiar, dagleg leiar eller innehavar har roller i andre føretak på tidspunktet for konkursopning.

Konkursregisteret blei oppretta som eit middel for å avdekkje og kjempe mot økonomisk kriminalitet. Gjennom Konkursregisteret kan bustyrarar, politi, domstolar og andre interesserte raskt skaffe seg viktig informasjon.

Konkursregisteret kan også gi opplysningar om nokon har fått konkurskarantene. Tingretten kan gje ein slik karantene dersom ein person med skilleg grunn blir mistenkt for ei straffbar handling i samband med sjølve konkursen eller verksemda som har ført til konkursen. Konkurskarentene kan også ein person få som ved uforsvarleg forretningsførsel er funnen uskikka til å stifte, vere dagleg leiar, styremedlem eller varamedlem i eit nytt selskap.

Dei aller fleste opplysningane i Konkursregisteret er offentleg tilgjengelege i fem år frå konkursavslutninga. For å få opplysningar frå Konkursregisteret må du ha eit organisasjons- eller fødselsnummer.

Alle konkursopningar blir kunngjorde på brreg.no. Etter konkursavslutning ligg kunngjeringane ute på nettet i eitt år for personar og tre år for selskap.