EMAS – Eco-Management and Audit Scheme

Skal du registrere organisasjonen din i EMAS-registeret, gjer du det hos Brønnøysundregistra.

EMAS – Eco-Management and Audit Scheme – er ei frivillig ordning for miljøregistrering av organisasjonar innan EU. Ordninga har eksistert sidan 1993. Gjennom EØS-avtalen kan også norske organisasjonar delta i ordninga.

Ei EMAS-godkjenning betyr at organisasjonen både overheld og går lenger i miljøarbeidet sitt enn det som er lovfesta miljøkrav. For norske organisasjonar som skal konkurrere på den europeiske marknaden, kan det vere ein marknadsmessig fordel å stå i EMAS-registeret.

 

Klima- og miljødepartementet er hovudansvarleg for EMAS-ordninga i Noreg, med Miljødirektoratet som utøvande organ. Godkjente miljøkontrollørar står for kontroll av og tilsyn med miljøarbeidet i organisasjonane. Brønnøysundregistra er ansvarleg for godkjenning og registrering av organisasjonar som vil vere med i ordninga. Brønnøysundregistra oppdaterer også registeropplysningar overfor EU-registeret.

EMAS er eit ope register der alle har tilgang til opplysningar om ein EMAS-registrert organisasjon.

 

Del denne sida: