Kort om historia vår

Sist oppdatert: 3. februar 2017.

Brønnøysundregistrene bygg sett fra sjøsida

Brønnøysundregistera: Fornying, forenkling og forbetring

Ute på kaikanten i Brønnøysund held knapt 600 medarbeidarar orden på norsk næringsliv og delar av privatlivet vårt: Her er oversikt over alle økonomiske einingar, alle føretak, lag og foreiningar, tinglyste pant, jegarar og alternative behandlarar – og deg som ikkje vil ha telefonseljarar på tråden.  I tillegg sit Brønnøysundregistera med ein fot på gasspedalen til Altinn – eit samarbeid med fleire offentlege etatar som Skatt og NAV.
Kort sagt: Brønnøysundregistera bidreg til fornying, forenkling og forbetring av offentlege tenester for innbyggjarane, for næringslivet og for frivillig sektor i Noreg.
Det begynte forsiktig tilbake i 1978 då staten etablerte noko så spesielt som eit register over pant i lausøyre, populært kalla «Lausøyreregisteret». Bakgrunnen for dette og korleis ein i dataalderen sin spede barndom var dristige nok til å leggje eit databasert register til ein liten nordnorsk småby, kan du lese om i historieboka om Brønnøysundregistera, som kom ut i 2013.

Her er historia i  kortform:

Det var Lov om pant i løsøre som i 1978 starta det heile. Denne lova hadde som føresetnad eit databasert register, til forskjell frå dei tidlegare manuelt førte registra på landet sine knapt 100 sorenskrivarkontor.

Gruppebilde Erik Fossum, Bodil Aakre, og Roald Tørrissen.
Brønnøysundregistera si mor, Bodil Aakre, mellom første direktør Roald Tørrissen (til høgre) og neste direktør Erik Fossum. Biletet er frå Lausøyreregisteret sitt 25 års-jubileum i 2006.

Ein særs driftig sorenskrivar og ordførar i Brønnøy, Bodil Aakre, fekk denne oppgåva etablert i Brønnøysund som ein del av Brønnøy sorenskrivarembete. Bodil Aakre er kalla «Brønnøysundregistera si mor». Ho er æra med ein byste utanfor hovudinngangen til registera i Brønnøysund.
Etter eitt års «prøvedrift» starta Lausøyreregisteret i 1980 med ein kontorsjef, to IT-folk, ein økonom og ni overtalige telefonsentraldamer, 14 i alt.  Det viste seg å vere alt for få. Det blei ein kamp for å få hjula til å gå rundt på skikkeleg vis. Samtidig fekk dei stadig fleire medarbeidarane nye oppgåver, som til dømes Rekneskapsregisteret og Gebyrsentralen. Med felles innsats gjorde dei ein så solid jobb at då Føretaksregisteret skulle etablerast åtte år seinere, var det ingen tvil om kvar det skulle liggje.
Med etableringa av Føretaksregisteret i 1988 ble registerverksemda skilt ut frå Brønnøy Sorenskrivarembete og «Registerenheten i Brønnøysund» ble etablert som eigen forvaltningsetat, no med 120 tilsette og underlagt Justisdepartementet. Med det var Brønnøysundregistera for alvor blitt ein viktig statleg etat, solid etablert på det offentlege Noregskartet. I åra som følgde kom det fleire oppgåver, det blei stadig fleire tilsette, nye etasjar og fløyer blei bygde.

Då direktør Roald Tørrissen i 1994 overlét sjefsstolen til Erik Fossum, var ein blitt 220 tilsette. Året etter kom registeret over «alle økonomiske einingar». På dette tidspunktet begynte staten for alvor å sjå etter registersynergiar etatane imellom og forenklingar for næringslivet.  Oppgåveregisteret i 1997 blei eitt av resultata, der målet var at statlege etatar bare skulle plage næringslivet med same spørsmål ein gong, og så dele svara seg imellom.
Frå å vere i ytterkant av Justisdepartementet sin interesse-sfære ble Brønnøysundregistera frå 2001 ein etat under Nærings- og handelsdepartementet, og med det ein svært viktig næringspolitisk reiskap for forenkling og e-forvaltning.
Forenklingstenkinga frå Oppgåveregisteret blei teken vidare. Ikkje minst takka vere god personkjemi på toppnivå i Skattedirektoratet, Statistisk sentralbyrå og Brønnøysundregistera, vokste Altinn i 2004 fram som den «ultimate» samhandlingsportalen mellom næringslivet, alle skattebetalarane og det offentlege.
Litt sånn diskret etablerte Brønnøysundregistera eit kontor i Oslo, og i 2009 kom også Narvik med på kartet, då ein overtok ei NHD-finansiert teneste med formål å gjere det enklare å starte og drive bedrift i Noreg.

Lars Peder Brekk, direktør Brønnøysundregistrene
Direktør Lars Peder Brekk.

Frå 2013 overtok ein tidligare landbruksminister, Lars Peder Brekk, direktørstolen, og sette i gang ein omfattande organisasjonsutvikling. Ein fagleg tung organisasjon skal trimmast, og få ein ny, framtidsretta og spissa strategi. Målet er å bli enda betre rusta til å levere innanfor målbilete og samtidig vere ein pådrivar som Forenklingsetaten i åra som kjem.

Historia i historia

Er det så noko meir som må seiast? Definitivt, for strengt teke er Brønnøysundregistera si historie ei lang forenklingshistorie, boren fram av mange aktørar: Kanskje aller viktigast finn vi både på og mellom linene ein del byråkratar som på ulik måte har levert vesentlege bidrag for å gjere kvardagen enklare og betre – både for norsk næringsliv og for det offentlege. Og vi må ta med dei etter kvart 600 tilsette som ga seg svarten på at dei skulle prove livsretten sin, der ute på holmane i Nord-Noreg.

 

Bilde av to jurister ved Brønnøysundregistrene.
Solid jus-kompetanse, rask saksbehandling... og den som trur at juristar berre er gravalvorlege, må tru om igjen.
Kontorlandskap.
God brukarservice er nokre av bærebjelkane i Brønnøysundregistera si historie.

(Kjelde: Harald Harnang: «Brønnøysundregistran – værsågod!», som fortel historia vår gjennom 25 år frå oppstart. Vil du vite meir, kan du laste ned boka (PDF).