Tidsline

2014

Lars Peder Brekk blir ny direktør

Frå 1. januar 2014 overtar Lars Peder Brekk (biletet) som direktør for Brønnøysundregistera. Ein stor omorganiseringsprosess blir starta, for å gi Brønnøysundregistera ein organisasjon rusta til å møte aktuelle utfordringar,  tilpassa brukarane sine behov.

2013

Jubileumsåret

25- årsjubileet som blei feira av tilreisande gjestar saman med 570 tilsette. Vi feira ei eventyrleg utvikling, og 25 år med orden, forenkling og digitalisering for innbyggjarane i Noreg og for norsk næringsliv. Same året var det duka for 10-års bursdag for Altinn. Arrangementet var i Oslo, ettersom dei fleste og største tenesteeigarane held hus i houdstaden

2012

Grønt lys for nytt registerbygg

Nytt registerbygg i regi av Statsbygg blir planlagd. Brønnøysundregistera har hatt enorm vekst i talet på oppgåver. Vi er blitt betydeleg fleire tilsette, slik at vi for tida held til to stader i Brønnøysund. Erik Fossum går av som direktør.

Tilsette: 560

2009

Rettleiingstenesta

Etter regjeringsvedtak blir Narviktelefonane og nettstaden Bedin i Narvik overførde til Brønnøysundregistera. Før dette  var desse tenestene i Narvik organiserte som ei stifting, driven med tilskott frå departementet.

2008

Frivilligregisteret blir stifta

Frivilligregisteret forenklar og betrar samhandlinga mellom foreiningslivet og det offentlege. Registrering i Frivilligregisteret er eit vilkår for at lag og foreiningar skal kunne ta imot pengar frå Norsk Tipping sin grasrotdel.

Tilsette: 525

2007

Akvakulturregisteret blir oppretta

Brønnøysundregistera har ansvaret for tinglysingsdelen av registeret, medan Fiskeridirektoratet har ansvaret for forvaltningsdelen.

2004

Altinn-portalen blir lansert

Altinn: I mai 2004 kunne dei gratulere kvarandre. Frå venstre direktør ved Brønnøysundregistera, Erik Fossum, fungerande direktør ved
Statens lånekasse, Magne Mevold, direktør i Statistisk sentralbyrå, Svein Longva og skattedirektør Bjarne Hope.

Frå registeretat til sentrum i norsk e-forvaltning. I den nyoppretta Altinn-portalen er fire tenesteeigarar med frå starten: Skattedirektoratet, Statistisk sentralbyrå, Statens lånekasse og Brønnøysundregistera.

Tilsette: 435

2002

Alternativ behandling

Register for utøvarar av alternativ behandling blir oppretta. Det skal bidra til å ta vare på pasientsikkerheit og forbrukarrettar for dei som oppsøker ein alternativ behandlar.

2001

Nytt overordna departement

Nærings- og handelsdepartementet overtar ansvaret for Brønnøysundregistera og blir vårt overordna departement. Fram til 2001 var vi underlagd Finansdepartementet.

Vi får tre nye register

Lotteriregisteret, Reservasjonsregisteret og Partiregisteret blei oppretta.

1999

Jegerregisteret

Eit sentralt firkløver i samband med  Jegerregisteret. Frå venstre: Direktør Erik Fossum, styringsgruppeleiar Håkon Olderbakk, prosjektleiar Kari Bjørkhaug og avdelingsdirektør Ola Skauge frå Direktoratet for naturforvaltning. 

Brønnøysundregistera overtar drifta av Jegerregisteret frå Direktoratet for naturforvaltning.

1997

Oppgåveregisteret blir oppretta

Opning av Oppgåveregisteret. Erik fossum (t.v.) og statsråd Lars Sponheim.

Oppgåveregisteret er eit register over metadata, og skal blant anna bidra til forenkling og samordning og redusere det offentlege «skjemaveldet» for næringslivet. Målet er blant anna at næringsliv og innbyggjarar ikkje skal trenge å rapportere dei same opplysningane fleire gongar til det offentlege.

Tilsette: 320

1995

Einingsregisteret blir sett i drift

Statssekretær i Finansdepartementet, Ottar Brage Guttelvik, (t.h.) foretok den offisielle opninga av Einingsregisteret. T.v. direktør Erik Fossum.

Einingsregisteret som er eit register over juridiske einingar, var eit viktig skritt i retning av forenkling og samordning. Einingsregisteret blei sjølve grunnmuren i oppbygginga av Brønnøysundregistera som sentral aktør innanfor elektronisk forvaltning i Noreg. Organisasjonsnummer blei innført då  einingsregisterlova vart sett i verk.

1994

Direktørskifte

Erik Fossum (biletet) overtar etter Roald Tørrissen som direktør for Brønnøysundregistera.

1993

Konkursregisteret blir oppretta

1993 .Offisiell opning av Konkursregisteret. Sitjande:  Statssekretær Ingeborg Moen Borgerud Bak: Birgit Vedal, Roald Tørrissen og Anne Britt Norø.

Konkursregisteret overtok oppgåvene til Konkurskaranteneregisteret som blei oppretta eit par år tidlegare. Konkursregisteret inneheld opplysningar om konkursbu og tvangsavviklingsbu.

Tilsette: 180

1991

Gjeldsordningsregisteret

Opprettinga av Gjeldsordningsregisteret kom som eit tiltak i kjølvatnet av «jappetida» på 1980-talet, då mange pådrog seg stor gjeldsbør som var vanskeleg å takle. Gjeldsordningsregisteret er eit hjelpemiddel for namsmenn og partar i saker der personar har fått innvilga gjeldsforhandlingar og gjeldsordningar.

Konkurskaranteneregisteret

Registeret blei oppretta for å hindre at personar med konkurskarantene fekk stifte nytt selskap eller kunne ta på seg andre roller i eit slikt selskap i karantenetida.

1988

Føretaksregisteret sett i drift

1988: Registereininga i Brønnøysund blir eigen statleg etat, samtidig med opninga av Føretaksregisteret. F.v.  Roald Tørrissen, Bodil Aakre, Karin Stoltenberg og (sitjande) justisminister Helen Bøsterud.

Føretaksregisteret erstatta dei 96 handelsregistera rundt om i landet og blei eit samla, landsomfemnande register over dei største og viktigaste føretaka i Noreg.

Vi blir eigen etat

1. januar 1988 blir registerdrifta skild ut frå sorenskrivaren i Brønnøy og blir eigen etat, under namnet Brønnøysundregistrene/Brønnøysundregistera.

1983

Gebyrsentralen blir sett i drift

Den nye innkrevingseininga fekk namnet Regnskapssentralen, men fordi mange ofte blanda det saman med Rekneskapsregisteret, blei namnet endra til Gebyrsentralen.

1981

Rekneskapsregisteret

Ved skannaren:  Anne Claassen ved Rekneskapsregisteret.

Forskrift om innsendingsplikt for årsrekneskap blei vedtatt i mars 1981, og Rekneskapsregisteret starta arbeidet med å hente inn årsrekneskap. Om lag 17 000 årsrekneskap blei sende inn dette året.

Ektepaktregisteret

Ektepaktregisteret blir flytta frå Oslo byskrivarembete til Lausøyreregisteret. Den fysiske flyttinga av arkivskap med innhald vart gjort på dugnad av registeret sine tilsette og ektefellar.

Lausøyreregisteret sett i drift

Den første leveransen. Geir Olav Benjaminsen (t.v.) og Ingvar Horsvær.

2. januar 1980 blei fire konvoluttar leverte til Lausøyreregisteret, ein sped start på noko som skulle bli ei spektakulær framtid.

1980

Lausøyreregisteret blir etablert

Dei første tilsette ved Lausøyreregisteret:  Bak f.v. Inger Norø, Tor Skjørdal, Ulf Skipsfjord, Eva Maasø, Inger Skjæran Moe, Håkon Olderbakk, Bente Lian, Arne Lund og Astrid Skille. Foran: Helga Rodal, Eli sande, Roald Tørrissen, Liv Floa Bang og Brit Rodahl.

Etter eitt års prøvedrift starta Lausøyreregisteret i januar 1980, som ein eigen seksjon under Sorenskrivaren i Brønnøy.  Lov om pant i lausøyre  (vedtatt 1978) bygde på at det skulle vere eit databasert register, til skilnad frå dei tidlegare manuelle registera spreidde på dei nærmare 100 sorenskrivarkontora i landet.

Tilsette: 14