Styring, mål og strategiar

Sist oppdatert: 12. oktober 2017 .

Samfunnsoppdraget til Brønnøysundregistera er å vere tillitskapande registerførar og datakjelde, og det utøvande organet til regjeringa i utviklinga av elektroniske tenester, særleg for næringslivet.

For tillit og fornying av samfunnet

Noreg var tidleg ute med å etablere sentrale register over personar og verksemder. Registera har frå første stund blitt brukt på tvers av sektorar, og dei har alltid hatt stor tillit i samfunnet.

Tillit etatane imellom leia fram til samarbeid om Einingsregisteret allereie frå 1990-talet. Etter kvart førte dette til eit meir omfattande samarbeid, blant anna om Altinn frå 2003.

Å skape tillit og bidra til fornying er viktig for å lukkast med samfunnsoppdraget, men det er også ein del av samfunnsoppdraget. Vi skal levere gode tenester og løysingar som gir grunnlag for tillit mellom partane i samfunnet.

For at alle skal kunne stole på at samspelet mellom privat og offentleg sektor til eikvar tid er så enkelt som mogeleg, må vi nytte den mest eigna teknologien. Vi sørger for korrekt ivaretaking av lover og regelverk, som vi samtidig bidrar til å forenkle og fornye.

Fordi privatpersonar, verksemder og forvaltinga viser oss tillit, kan vi fortsette å skape tillit.

Styringsdokument

Tildelingsbrevet er det sentrale styringsverktøyet frå eit departement til ei underliggande verksemd. Det skisserer økonomiske rammer og gjer greie for prioriteringar, resultatmål og rapporteringskrav for verksemda.

Etter at Stortinget har vedtatt statsbudsjettet, stiller Nærings- og fiskeridepartementet løyvingane til disposisjon for Brønnøysundregistera gjennom tildelingsbrevet.
Når året er omme, leverer vi sjølv ein årsrapport som skal vise korleis tildelinga er følgd opp.

Strategiar

Dei viktigaste strategidokumenta våre som har ekstern interesse, er den samla strategien for heile etaten og delstrategiar som gjeld spesielt for Altinn-samarbeidet. Strategiane blir reviderte kontinuerleg og blir utarbeidd på nytt med nokre års mellomrom.

Altinn-strategien «Altinn for ei ny tid» blei utvikla i 2015-2016 i nært samarbeid med brukarar og tenesteeigarar. Den endelege strategien har også tatt opp i seg innspel frå Næringsdepartementet sin omfattande høyringsrunde våren 2016. Produktstrategien til Altinn er ei konkretisering av Altinn-strategien. Den har ein tidshorisont på fem år, men søkelys på dei neste to åra. Strategien vil bli endra og tilpassa dei rammevilkåra vi til eikvar tid er gitt.

Brukarundersøkingar

Vi jobbar systematisk med å forbetre oss, og vi måler kontinuerleg korleis vi lukkast med måla og strategiane våre. Blant anna gjennomfører vi årlege brukarundersøkingar for å få kunnskap om kva brukarane tykker.

Her kan du sjå resultata