Reservasjonsregisteret

Sist oppdatert: 2. februar 2017.

Reservasjonsregisteret skal gjere det enklare for privatpersonar å reservere seg mot adressert reklame i posten eller mot telefonsal.

Reservasjonsregisteret blei oppretta i 2001. I registeret kan privatpersonar reservere seg mot at deira adresse blir brukt til direkte adressert reklame i posten eller til telefonsa. Ein reservasjon blir registrert i eit sentralt register. Alle som sender ut reklame retta mot privatpersonar som kundar, pliktar å oppdatere listene sine mot Reservasjonsregisteret minst kvar månad.

Ei rekkje selskap og organisasjonar driv i dag med marknadsføring direkte mot private kundar, mellom anna ved bruk av adresselister. Mykje av den adresserte reklamen er send ut på grunnlag av slike lister, og mange kan kome med på slike lister utan at dei sjølve ønskjer det. Dei som ber om det, kan bli sletta frå slike lister, men ein må ta kontakt med kvart enkelt selskap for å få namn og adresse strokne.

Reservasjonsregisteret gjer det enklare

Reservasjonsregisteret gjer dette enklare ved at publikum i staden for å vende seg til kvart enkelt selskap, kan vende seg til ein stad.

Likevel vil mange framleis kunne få reklame for produkt frå forretningskontaktane sine.

Ei ordning berre for privatpersonar

Ordninga omfattar berre privatpersonar. Næringsdrivande verksemder og andre juridiske personar (til dømes enkeltpersonføretak) kan ikkje reservere seg gjennom Reservasjonsregisteret.

Du kan reservere deg på Internett eller på telefon 75 00 75 00.

Uadressert reklame

Dei som vil reservere seg mot uadressert reklame, må vende seg til Posten Norge AS. Du finn også meir informasjon på Forbrukarombodet sine nettsider.