Forenkling

Sist oppdatert: 9. desember 2015.

Vi bidreg i regjeringa sitt arbeid med å gjere Noreg enklare og betre for næringslivet og det offentlege.

Visjon

Vi har som mål å vere ein aktiv pådrivar, rådgivar og partnar i forenklingsarbeidet. Vi skal forenkle for at brukarane skal finne, forstå og få til.

Kva skal vi gjere?

  • Vi skal vidareutvikle forenklingsrolla gjennom å sjå samanheng mellom brukarane sine behov, regelverk, tilgjengelege data og tekniske løysingar.
  • Vi skal vidareutvikle Altinn, verktøyet for samhandling og dialog.