Altinn

Sist oppdatert: 26. august 2016.

Altinn er ein internettportal for digital dialog mellom næringslivet, privatpersonar og offentlege etatar.

Altinn er også ei teknisk plattform, som offentlege verksemder kan nytte for å lage digitale tenester.

Altinn blir vidareutvikla, drifta og forvalta av Altinn-samarbeidet, som består av ei rekkje offentlege etatar. Brønnøysundregistera forvaltar den tekniske løysinga på vegner av dette samarbeidet, og avgjer korleis den tekniske løysinga skal vidareutviklast.

Altinn er i dag ei veletablert og omfattande plattform, og er i sterk vekst når det gjeld datavolum, tilknytte offentlege verksemder og talet på elektroniske sluttbrukartenester. Altinn-løsningen blir også stadig vidareutvikla med forbetringar av noverande funksjonalitet og ny funksjonalitet.

Per 25. januar 2016 har Altinn 536 digitale skjema og tenester.