Rapportar og høyringar

Sist oppdatert: 14. september 2017 .

På denne sida kan du finne rapportar og høyringar som anten er eigenproduserte, eller som andre har utarbeidd og vi er involverte.

Rapportar:

Foranalyse - Digital kontaktinformasjon og fullmakter for verksemder

Utarbeidd av: Foranalysen blei utført med deltakarar frå sentrale aktørar i forvaltninga; Skattedirektoratet, Difi, Brønnøysundregistera, KS, Helsedirektoratet, NAV, Kartverket og SSB. Ansvarleg for gjennomføringa var Brønnøysundregistera (BR), i samarbeid med Difi.

Utarbeidd for: SKATE

Resyme: Skate (Styring og koordinering av tenester i e-forvalting) har vedteke å gjennomføre tre foranalysar første halvår 2015, for å følge opp dei høgast prioriterte og/eller mest komplekse behova identifiserte i veikartarbeidet. Denne foranalysen omhandlar behova for handtering av digital kontaktinformasjon og fullmakter for verksemder.

Last ned rapporten i PDF-format

Altinn-strategien

Utarbeidd av: Brønnøysundregistera

Utarbeidd for: Nærings- og fiskeridepartementet

Resyme: I likskap med alle andre bidragsytarar i offentleg digitaliseringssamarbeid skal Altinn meistre den krevjande motsetninga å vere både føreseieleg og foranderleg. Eit påliteleg element i samfunnskritisk kommunikasjon og samtidig i stand til å tilpasse seg teknologiske, politiske og organisatoriske endringar på kort varsel.
Det starta som eit samarbeid mellom tre etatar i ei mykje enklare verd. No må løysinga og samarbeidet stille seg til eit mangfald av konkrete politiske føringar for den samla digitaliseringa av offentleg sektor. Og spille saman med ei rekke tverrsektorielle og sektor- og etatsvise satsingar og tiltak som i ulikt tempo og på ulike vis vil ta innover seg framtidas teknologiske moglegheiter.
Nærings- og fiskeridepartementet har gitt oss i oppdrag å utarbeide ein ny, langsiktig strategi for Altinn, i samråd med rørte statlege etatar og andre relevante offentlege verksemder. Strategien skal vere tilpassa dei mange andre digitaliseringsinitiativa som blir handterte parallelt for offentleg sektor i dag.

Last ned rapporten i PDF-format

Gevinstpotensialet i eit felles konsept for informasjonsforvaltning i offentleg sektor

Utarbeidd av: Det norske Veritas

Utarbeidd for: Brønnøysundregistera

Resyme: Brønnøysundregistera og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har som ledd i samfunnsoppdraget sitt sett behov for å få fram ein samfunnsøkonomisk analyse av ulike alternativ for eit felles konsept for informasjonsforvalting i offentleg sektor. DNV GL fekk, i samarbeid med Menon Business Economics, dette oppdraget sommaren 2014.

Last ned rapporten i PDF-format

Foranalyse for informasjonsforvaltning og -utveksling

Utarbeidd av: Brønnøysundregistera og Difi

Utarbeidd for: SKATE

Resyme:
På oppdrag frå Skate (Styring og koordinering av tenester i e-forvaltinga) fekk Brønnøysundregistera og Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT) ansvar for å gjennomføre ein foranalyse for området informasjonsforvalting og -utveksling.

Bakgrunnen var at Skate i november 2014 vedtok ein prosess for foranalysar som skal gi Skate detaljert kunnskapsgrunnlag og vedtaksgrunnlag for å sette i verk utviklingstiltak og -prosjekt knytte til gjeldande og nye felleskomponentar.

Last ned rapporten i PDF-format

Sluttrapport - utgreiing av informasjonsforvaltning i offentleg sektor

Utarbeidd av: Brønnøysundregistera og Difi

Utarbeidd for: SKATE

Resyme:
Sluttrapport Foranalyse informasjonsforvalting og –utveksling blei overlevert Skate (Styring og koordinering av tenester i e-forvaltinga) i juni 2015. Skate konkluderte med:

«Dette er eit svært viktig område som må prioriterast høgt, eller aller høgast»

Vedtak om vidare utarbeiding av tiltak er gjort og Skate stilte seg bak forslaget til forprosjekt om ny «felles datakatalog» som eit første tiltak for å oppnå ei betre heilskapleg informasjonsforvaltning i offentleg sektor.

Last ned rapporten i PDF-format

Høyringar og høyringssvar:

Høyring - Forskrifter til finansføretakslova

Utarbeidd av: Brønnøysundregistera

Utarbeidd for: Finansdepartementet

Last ned høyringssvaret i PDF-format

Høyring - Forslag om å auke rettsgebyret for 2016

Utarbeidd av: Brønnøysundregistera

Utarbeidd for: Justis- og beredskapsdepartementet

Last ned høringssvaret i PDF-format