Organisasjonen og leiinga

Brønnøysundregistera har 560 medarbeidarar og dei fleste jobbar i Brønnøysund. Vi har også kontor i Narvik og Oslo.

Brønnøysundregistera er delt inn i fem avdelingar og to stabar.

Direktør
Lars Peder BrekkLars Peder Brekk er utdanna innan økonomiske fag og har brei kunnskap om offentleg sektor og næringsliv. Han har ein lang karriere bak seg som næringslivsleiar og politikar. Han var blant anna statsråd i regjeringa Bondevik (2000) og regjeringa Stoltenberg (2008-2012).
Direktøren har det overordna ansvaret for etaten si verksemd. Han skal sikre god verksemdsstyring, der økonomi, prioriteringar, resultatmål og rapporteringskrav blir tatt vare på etter styringsdokumenta frå Nærings- og fiskeridepartementet.
Direktøren representerer etaten i samarbeidsforumet for offentleg digitalisering (Skate) og han er leiar av Altinn styringsråd.

Direktør
Lars Peder Brekk
tlf: 75 00 50 90
mobil: 902 96 060
e-post: lars.brekk@brreg.no
Direktørens sin stab
Geir JacobsenDirektøren sin stab er ei støtte både til direktør og resten av toppleiinga.
Leiar av staben:
Assisterande direktør Geir Jacobsen
tlf 75 00 75 51 mobil 992 10 226
e-post: geir.jacobsen@brreg.no
Digitalisering
Cathrine HoltenAvdelinga består av seksjon forretningsutvikling, seksjon plattformutvikling, seksjon forvaltning og tenesterealisering, seksjon økonomi- og fellestenester og seksjon informasjonsforvaltning.
Avdelinga forvaltar den tekniske løysinga Altinn, som er eit offentleg samarbeid for å digitalisere og forenkle kommunikasjonen som verksemder og privatpersonar har med offentleg forvaltning. Avdelinga forvaltar og utviklar samarbeid og avtalar med 43 tenesteeigarar og fleire leverandørar. I samarbeid med tenesteeigarane planlegg og gjennomfører avdelinga vidareutvikling av Altinn-løysinga, og jobbar målretta for å få eit enkelt, digitalisert og effektivt Noreg. Avdelinga har også ansvar for fagområdet informasjonsforvaltning som skal bidra til effektivisering og samordning av bruken av data i det offentlege Noreg, og bidra til mindre rapportering.
Avdelingsleiing: Avdelingsdirektør Cathrine Holten
mobil 958 93 431
e-post: cathrine.holten@brreg.no
Forenkling og brukardialog
Are TrælvikAvdelinga består av seksjon brukarrettleiing, seksjon digital dialog og seksjon forenkling.
Avdelinga har ei sentral rolle i arbeidet med forenkling ved Brønnøysundregistera og i det offentlege Noreg. Avdelinga har som rettesnor at brukarane skal finne, forstå og få til. Avdelinga skal bidra til samhandling og dialog mellom næringslivet, frivillige organisasjonar, innbyggjarane og offentlege etatar.
Avdelingsleiing: Avdelingsdirektør Are Trælvik
tlf 75 00 79 25
mobil 481 31 383
e-post: are.traelvik@brreg.no
Innovasjon og utvikling
Kjell-Arne Strøm HansenAvdelinga består av seksjon systemutvikling 1, seksjon systemutvikling 2, seksjon støtte og innovasjon og seksjon metode og serviceleiing.
Avdelinga har ansvar for å fastlegge rammer, utvikle og forvalte eigne IT-system innanfor register- og forenklingsområdet. I tillegg har avdelinga ansvar for støttefunksjonar som prosjekt- og porteføljestyring, kvalitet, arkitektur og test for heile verksemda. Ein samordnings- og pådrivarfunksjon for bruk av data, tenester og kompetanse i nye eksterne tenester saman med privat næringsliv inngår også. Avdelinga har dermed ansvar for område som er vesentlege for at Brønnøysundregistera stadig skal bidra til digitaliseringa i Noreg.

Avdelingsleiing: Avdelingsdirektør Kjell-Arne Strøm Hansen
tlf 75 00 60 69
mobil 913 42 580
e-post: kjell-arne.hansen@brreg.no

 

Kommunikasjonsstab
Mette Siri BrønmoKommunikasjonsstaben består av åtte rådgivarar som har ansvar for å leie og koordinere den strategiske kommunikasjonen frå Brønnøysundregistera. Staben skal først og fremst vareta toppleiinga sine behov for intern og ekstern kommunikasjon. Dette gjeld kommunikasjon med tilsette, eigarar, myndigheiter, samarbeidspartar, tenesteeigarar og andre interessentar.
Kommunikasjonsstaben handterer også alle førespurnader frå media og er koordinator for annan kontakt som gjeld Brønnøysundregistera.
Leiar av staben: Kommunikasjonsdirektør Mette Siri Brønmo
mobil 416 55 224
e-post: mette.bronmo@brreg.no
Pressetelefon: 400 200 75
Registerforvalting
Lise Dahl KarlsenAvdelinga består av seksjonane tinglysing og rekneskap, næringsliv, grunndata og støtte og registerutvikling. Avdelinga har ansvaret og forvaltinga av i alt 14 register, der den nasjonale felleskomponenten Einingsregisteret, Føretaksregisteret, Lausøyreregisteret, Konkursregisteret og Rekneskapsregisteret er dei største. Avdeling registerforvalting skal gi tryggleik, orden og oversikt i samfunnet gjennom pålitelege registerdata. Avdelinga arbeider målretta for å sikre god kvalitet, samordning og forenkling til beste for brukarane.
Avdelingsleiing: Avdelingsdirektør Lise A. Dahl Karlsen
tlf 75 00 76 27 mobil 480 09 827
e-post: lise.karlsen@brreg.no
Verksemdsstøtte
Solveig SverdrupsenAvdelinga består av økonomi- og styringsstab og fire seksjonar: Personal- og organisasjonsseksjonen, IKT-seksjonen, Administrasjon- og kontorstøttetenester og Sikkerheit- og byggseksjonen.
Avdelinga skal bidra til at Brønnøysundregistera når måla sine, at vi opptrer i samsvar med lov- og avtaleverk, og vi legg til rette for at Brønnøysundregistera skal vere ein attraktiv arbeidsgivar som sørger for at leiarar og tilsette får nødvendig støtte i arbeidskvardagen. Avdelinga har søkjelys på god styring og effektiv ressursutnytting.
Avdelingsleiing: Avdelingsdirektør Solveig Sverdrupsen tlf 75 00 79 61, mobil 908 80 233 e-post: solveig.sverdrupsen@brreg.no