SprĂĄk
Søk
Meny

Søk


Velg sprĂĄk



BokmĂĄl

Alt innhold er tilgjengelig pĂĄ bokmĂĄl

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg pĂĄ nynorsk

Organisasjonen og leiinga

Brønnøysundregistera har 450 medarbeidarar og dei fleste jobbar i Brønnøysund. Vi har også kontor i Narvik og Oslo.

Brønnøysundregistera er delt inn i fire avdelingar og to stabar.

Direktør
Portrett

Lars Peder Brekk

Lars Peder Brekk er utdanna innan økonomiske fag og har brei kunnskap om offentleg sektor og næringsliv. Han har ein lang karriere bak seg som næringslivsleiar og politikar. Han var blant anna statsråd i regjeringa Bondevik (2000) og regjeringa Stoltenberg (2008-2012).

Direktøren har det overordna ansvaret for etaten si verksemd. Han skal sikre god verksemdsstyring, der økonomi, prioriteringar, resultatmål og rapporteringskrav blir tatt vare på etter styringsdokumenta frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Direktøren representerer etaten i samarbeidsforumet for offentleg digitalisering (Skate) og han er leiar av Altinn styringsråd.

Direktør: Lars Peder Brekk
Tlf: 75 00 50 90
Mobil: 902 96 060
E-post: lars.brekk@brreg.no

Direktørens sin stab
Portrett

Ketil Ingebrigtsen

Direktøren sin stab er ei støtte både til direktør og resten av toppleiinga.

Leiar av staben: Ketil Ingebrigtsen
Tlf: 75 00 77 45
Mobil: 48 17 40 76
E-post: ketil.ingebrigtsen@brreg.no

Forenkling og brukardialog
Portrett

Are Trælvik

Avdelinga bestĂĄr av seksjon brukarrettleiing, seksjon digital dialog og seksjon forenkling.

Avdelinga har ei sentral rolle i arbeidet med forenkling ved Brønnøysundregistera og i det offentlege Noreg, og har som rettesnor at brukarane skal finne, forstå og få til.

Avdelinga skal bidra til samhandling og dialog mellom næringslivet, frivillige organisasjonar, innbyggjarane og offentlege etatar.

Avdelingsdirektør: Are Trælvik
Tlf: 75 00 79 25
Mobil: 481 31 383
E-post: are.traelvik@brreg.no

Innovasjon og utvikling

Kjell-Arne Strøm Hansen

Avdelinga består av seksjon systemutvikling 1, seksjon systemutvikling 2, seksjon støtte og innovasjon og seksjon metode og serviceleiing.

Avdelinga har ansvar for å fastlegge rammer, utvikle og forvalte eigne IT-system innanfor register- og forenklingsområdet. I tillegg har avdelinga ansvar for støttefunksjonar som prosjekt- og porteføljestyring, kvalitet, arkitektur og test for heile verksemda. Ein samordnings- og pådrivarfunksjon for bruk av data, tenester og kompetanse i nye eksterne tenester saman med privat næringsliv inngår også. Avdelinga har dermed ansvar for område som er vesentlege for at Brønnøysundregistera stadig skal bidra til digitaliseringa i Noreg.

Avdelingsdirektør: Kjell-Arne Strøm Hansen
Tlf: 75 00 60 69
Mobil: 913 42 580
E-post: kjell-arne.hansen@brreg.no

 

Kommunikasjonsstab
Brønmo, Mette Siri

Brønmo, Mette Siri

Kommunikasjonsstaben består av åtte rådgivarar som har ansvar for å leie og koordinere den strategiske kommunikasjonen frå Brønnøysundregistera.

Staben skal først og fremst vareta toppleiinga sine behov for intern og ekstern kommunikasjon. Dette gjeld kommunikasjon med tilsette, eigarar, myndigheiter, samarbeidspartar, tenesteeigarar og andre interessentar.

Kommunikasjonsstaben handterer også alle førespurnader frå media og er koordinator for annan kontakt som gjeld Brønnøysundregistera.

Kommunikasjonsdirektør: Mette Siri Brønmo
Mobil 416 55 224
E-post: mette.bronmo@brreg.no
Pressetelefon: 400 200 75

Registerforvalting
Portrett

Lise Dahl Karlsen

Avdelinga består av seksjonane tinglysing og rekneskap, næringsliv, grunndata og støtte og registerutvikling.

Avdelinga har ansvaret og forvaltinga av i alt 14 register, der den nasjonale felleskomponenten Einingsregisteret, Føretaksregisteret, Lausøyreregisteret, Konkursregisteret og Rekneskapsregisteret er dei største.

Avdeling registerforvalting skal gi tryggleik, orden og oversikt i samfunnet gjennom pĂĄlitelege registerdata.

Avdelinga arbeider mĂĄlretta for ĂĄ sikre god kvalitet, samordning og forenkling til beste for brukarane.

Avdelingsdirektør: Lise A. Dahl Karlsen
Tlf: 75 00 76 27
Mobil: 480 09 827
E-post: lise.karlsen@brreg.no

Verksemdsstøtte
Portrett

Solveig Sverdrupsen

Avdelinga består av økonomi- og styringsstab og tre seksjonar: Personal- og organisasjonsseksjonen, Administrasjon- og kontorstøttetenester og Sikkerheit- og byggseksjonen.

Avdelinga skal bidra til at Brønnøysundregistera når måla sine, at vi opptrer i samsvar med lov- og avtaleverk, og vi legg til rette for at Brønnøysundregistera skal vere ein attraktiv arbeidsgivar som sørger for at leiarar og tilsette får nødvendig støtte i arbeidskvardagen.

Avdelinga har søkelys på god styring og effektiv ressursutnytting.

Avdelingsdirektør: Solveig Sverdrupsen
Tlf: 75 00 79 61
Mobil: 908 80 233
E-post: solveig.sverdrupsen@brreg.no