Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Forside bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Forside nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Nordic Smart Government

Sist oppdatert: 11. september 2019 .

Saman med nordisk registerforvaltning er Brønnøysundregistera med i prosjektet Nordic Smart Government.

Ambisjonen er at Norden skal bli ein verdsleiande digital og integrert region. Vi jobbar saman med dei fem andre nordiske registerforvaltningane i prosjektet Nordic Smart Government (NSG). Prosjektet blei starta i 2016 og støttar Nordisk Ministerråd sin ambisjon om at Norden skal bli ein verdsleiande digital og integrert region.

Målet er å legge til rette for at finansielle data kan utvekslast smartare, sikrare og raskare mellom bedrifter og myndigheiter på tvers av dei nordiske landa. Bedriftene si innrapportering til det offentlege vil bli langt enklare samanlikna med i dag og tilgangen til betre data vil gi auka effektivitet og betre kontrollmoglegheiter. Dette vil styrke små og mellomstore bedrifter i Noreg og føre til ei utvikling av nye tenester og produkt som vil gi auka konkurranseevne, vekst og utvikling i Norden.

Store gevinstar

Prosjektet fekk i 2018 tildelt finansiering på 28,5 millionar norske kroner gjennom Nordic Innovation. Nordic Smart Government har eit gevinstpotensial for små og mellomstore bedrifter i Norden på 250 milliardar norske kroner per år, om ein tiårs periode, ifølge ein rapport frå Ernst og Young.

I Noreg samarbeider Brønnøysundregistera tett med Skatteetaten og Statistisk Sentralbyrå.

Du kan lese meir om Nordic Smart Government på prosjektet si nettside.