Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Forside bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Forside nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Internasjonalt arbeid

Sist oppdatert: 18. september 2019 .

Vi samarbeider med utanlandske myndigheiter, organisasjonar og selskap på ulike plan.

Vi har tett dialog med land i Norden som har registerorganisasjonar med oppgåver som ligg nært opp til våre eigne. Vi deltar i Europa-kommisjonen sitt ekspertgruppearbeid, som for eksempel Company Law Expert Group, Business Register Interconnection System, EUGO, Business to Government Datasharing. Norsk føretaksinformasjon er tilgjengeleg i EU/EØS gjennom Business Register Interconnection System.

Vi deltar også på faste møteplassar innanfor EU/EØS-området for utveksling av kompetanse og utforming av felles metodar og standardar. Den viktigaste europeiske arenaen på dette området akkurat no er European Commerce Registers Forum (ECRF).

Utanriksdepartementet har i mange år bidratt med fagleg hjelp til å utvikle pålitelege offentlege register i andre land, som ein viktig del av bistanden til nasjonsbygging og samfunnsutvikling. Brønnøysundregistera har vore ein sentral deltakar i dette i ei rekke land.

Vi forvaltar også informasjon om norske forhold etter internasjonale avtalar. Blant anna er Altinn det norske kontaktpunktet for tenestetilbydarar i EU/EØS. Vi har også tilsvarande plikter på bakgrunn av EU sitt  yrkeskvalifikasjonsdirektiv.

Her finn du eksempel på nokre av dei internasjonale prosjekta våre

Nordic Smart Government

Nordic Smart Government er eit nordisk samarbeid som i hovudsak dreier seg om å forenkle rapporteringa av finansiell informasjon frå dei næringsdrivande ved å ta utgangspunkt i bokføringstransaksjonane. Dette gjeld både rapportering til offentlege myndigheiter og tilgjengeleggjering av informasjon til næringslivet sjølv.

euBusinessgraph
  • euBusinessgraph blir leia av Sintef med seks deltakande land og ti organisasjonar. Dette handlar om å gjere data tilgjengelege for å kunne utvikle tenester som koplar denne informasjonen over landegrenser. For vår del er søkelyset først og fremst på opne data og eit ønske om å utvikle slike løysningar på ein måte som er europeisk/internasjonalt bærekraftig.
TOOP (the once only principle)

TOOP er EU-finansiert med deltaking frå meir enn 20 land og 50 organisasjonar. I Noreg er Brønnøysundregistera nasjonal partnar. Prosjektet ser på moglegheita til å dele føretaksinformasjon mellom myndigheiter i ulike EU/EØS land. Målet er at næringsdrivande skal unngå dobbelrapportering.