Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Felles datakatalog

Sist oppdatert: 11. september 2019 .

Felles datakatalog er ei oversikt over data i offentleg sektor.

Forstørrelsesglass på en bok. Illustrasjon.

Datakatalogen er avgjerande for at innbyggarane, næringsliv og frivillig sektor berre treng å melde opplysningar ein gong. Slik legg datakatalogen til rette for at offentlege og andre verksemder kan finne og gjenbruke informasjon som allereie finst. Mange kan dessutan ha nytte av opplysningar frå det offentlege i utviklinga av nye tenester og innovasjonsretta arbeid.

Felles datakatalog blei lansert hausten 2017, og det blir lagt til fleire katalogar med begrepsbeskrivingar, oversikt over API-er og informasjonsmodellar. Dette vil gi ei betre oversikt og bidra til ei meir heilskapleg informasjonsforvaltning.

I datakatalogen kan du finne ut om andre har dei opplysningane du treng. Gå til Felles datakatalog.

Offentlege verksemder kan legge inn og halde ved like eigne datasett.

Felles datakatalog er utvikla av Brønnøysundregistera i samarbeid med Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT) og andre etatar.