Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Forside bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Forside nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Om Rekneskapsregisteret

Sist oppdatert: 23. juni 2020 .

Rekneskapsregisteret er den viktigaste datakjelda for alle som vil skaffe seg innsikt i den økonomiske tilstanden i norsk næringsliv.

Innsendingspliktige verksemder skal kvart år sende inn årsrekneskap, noter, årsmelding, kontantstraumoppstilling (dei to sistnemnde er ikkje pliktige for små føretak) og eventuell revisjonsmelding til Rekneskapsregisteret innan ein månad etter at det er vedteke av generalforsamlinga eller tilsvarande organ. Formålet med ordninga er å sikre økonomisk tryggleik og effektivitet – mellom selskapa og styresmaktene, mellom selskapa og publikum, og ikkje minst, selskapa i mellom.  Rekneskapsinformasjonen har offentleg interesse, og gjennom registrering i Rekneskapsregisteret blir denne informasjonen tilgjengeleg i 10 år. Innsende årsrekneskapar blir kunngjorde etter registrering.

Innsendingsfrist

Frist for innsending av årsrekneskapen er 31. juli. I 2020 er fristen utsett med to månader. For å unngå forseinkingsgebyr er siste frist 30. september. Utsett frist gjeld ikkje for børsnoterte føretak eller føretak under tilsyn av Finanstilsynet. For årsrekneskap med sluttdato i perioden 01.01-30.06 er fristen 31. januar. Om ein årsrekneskap blir send etter fristen, skal verksemda betale forseinkingsgebyr.

Ansvar

Rekneskapslova slår fast krava til innhaldet i årsrekneskapen, og det er den rekneskapspliktige sitt ansvar at regelverket er følgd. Reknskapsregisteret skal kontrollere at alle nødvendige dokument er lagde ved ut frå dei opplysningane som ligg føre, og at årsrekneskapen er fastsett av generalforsamlinga eller tilsvarande organ.

Kven bruker opplysningar frå Rekneskapsregisteret?

Dei mest aktive brukarane er truleg næringslivsjournalistane. Registeret er også eit viktig hjelpemiddel for finansieringsinstitusjonar og andre som vil gjere seg godt kjende med ein mogleg kontraktspartnar. Rekneskapsregisteret gjev eit viktig kjeldemateriale til næringspolitiske analysar for forskarar og studentar.

Årsrekneskap kan du bestille frå nettbutikken vår