Om Registeret for offentleg støtte

Sist oppdatert: 5. september 2017 .

Registeret for offentleg støtte er eit nasjonalt register for offentlege støttetildelingar som fell inn under EØS-avtalen.

Registeret vart oppretta den 1. juli 2016 med bakgrunn i reglane om offentleg støtte i EØS-avtalen. Formålet med registeret er å skape meir openheit rundt offentleg støtte. Registeret skal gjere det enklare for offentlege myndigheiter som vurderer å gi offentleg støtte, å få informasjon om føretaket har fått anna offentleg støtte som må takast med i vurderinga. Vidare vil informasjonen i registeret kunne danne grunnlaget for politikkutforminga på området, og gi norske myndigheiter og EFTAs overvakingsorgan (ESA) ei moglegheit til å få oversikt og kontrollere offentleg støtte som vert gitt i Noreg. Den offentlege støtta må vere publisert i registeret for å vere lovleg.

Registreringsplikta gjeld berre offentleg støtte som fell inn under EØS-avtalen, det vil seie enkelttildelingar på 500 000 euro eller meir. Registeret er likevel opent for å melde tildelingar under dette beløpet dersom støttegivaren ønskjer det.

Offentlige støttegivarar, det vil seie statlege institusjonar, fylke og kommunar, er ansvarlig for å melde inn opplysningar om tildelt støtte i registeret.

Brønnøysundregistera skal sørge for at støttetildelingar kan registrerast i eit nasjonalt register og at oversikta over registrerte støttetildelingar til ei kvar tid er offentleg tilgjengeleg.