Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Om Oppgåveregisteret

Sist oppdatert: 15. januar 2018 .

Oppgåveregisteret held løpande oversikt over næringslivet sine oppgåveplikter, og finn moglegheit for samordning og forenkling.

Oppgåveregisteret si hovudoppgåve er å halde løpande oversikt over næringslivet sine oppgåveplikter til det offentlege, og å finne moglegheiter for samordning og forenkling.

Registeret er først og fremst tenkt som eit verktøy for forvaltninga. Målet er å hindre overflødig innsamling og registrering av opplysningar, særleg med omsyn til små og mellomstore verksemder.

I tillegg skal Oppgåveregisteret vere ei kjelde for informasjon om oppgåveplikter for næringslivet og andre.

Oppgåveplikt for eiga verksemd

Frå Oppgåveregisteret kan verksemder blant anna få vete kva oppgåveplikter som gjeld for eiga verksemd, kven ein kan kontakte for å få eit bestemt skjema eller rettleiing og kva etatar som får tilgang til opplysningane som sendast inn. Oppgåveregisteret har vel å merke berre oversikt over opplysningar dei ulike registra og etatane krev frå dei næringsdrivande. Opplysningane den enkelte næringsdrivande gir, blir ikkje registrert.

Samordning

Oppgåveregisteret skal samanlikne skjema frå ulike etatar. Dersom to eller fleire etatar stiller dei same spørsmåla til same type bedrifter, skal etatane samarbeide om å spørje berre ein gong.

Oppgåveregisterloven gir den statlege forvaltninga plikt til å melde frå til Oppgåveregisteret om alle oppgåveplikter dei pålegg næringslivet. Desse oppgåveforvaltarane, og fagansvarleg departement, kan få oversikt over innmelde opplysningar om moglegheit for korrigeringar.

Oppgåveplikt overfor andre myndigheiter

Oversikta frå Oppgåveregisteret omfattar førebels berre næringslivet sine oppgåveplikter overfor statlege myndigheiter. Det kan finnast andre oppgåveplikter, for eksempel kommunale eller fylkeskommunale, som ikkje kjem med på oversikta.

Oppslag på nett

Du kan få dei vanlegaste oversiktene frå Oppgåveregisteret, sortert på ulike kriterium, gjennom eigne oppslag på nettet. Treng du oversikt eller opplysningar som du ikkje finn her, kan du få hjelp av ein av saksbehandlarane ved Oppgåveregisteret. Du kan ta kontakt med Oppgåveregisteret enten ved bruk av kontaktskjema eller på telefon 75 00 77 05.