Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Om Lausøyreregisteret

Sist oppdatert: 13. februar 2018 .

Lausøyreregisteret er eit tinglysingsregister for rettar og pant i lausøyre. Ein tinglyst rett eller pant, gir rettsvern overfor kreditorar.

Lausøyreregisteret blei oppretta i 1980, og er eit tinglysingsregister for rettar og pant i lausøyre. Ei tinglysing medfører at retten, eller pantet, blir registrert som hefte på den personen eller det føretaket pantekravet rettar seg mot. Tinglysinga gir rettsvern for kreditor sitt krav mot debitor. Lausøyreregisteret er mest kjent som opplysningskjelde i samband med pantehefte på bruktbilar og andre kjøretøy.

Ved Lausøyreregisteret gjennomfører vi rask og påliteleg registrering av pant og andre rettar. Det gjer at næringslivet i Noreg lettare kan sikre seg lån til nye investeringar med sikring i eksisterande verdiar enn i dei fleste andre land.

Pant i bil

Er pantegjenstanden ei registrert motorvogn, er heftet knytt til registreringsnummeret. Dei fleste kjenner kanskje Lausøyreregisteret om opplysningskjelde i samband med pantehefte på brukbilar og andre køyretøy. Mange har unngått å få gjeld frå seljaren på kjøpet ved å kontakte Lausøyreregisteret.

Andre pantegjenstander

I tillegg til motorvogner kan ein tinglyse pant i anleggsmaskinar, varelager, reiskapar og buskapar i landbruket m.m. Leasingavtalar for bilar og factoringavtaler (pant i kundefordringar) er andre døme. Lensmennene, byfogdane og kemnarane tinglyser pant ved tvangsforretningar.

Offentlege opplysningar

Tinglysingar er offentlege, det vil seie at kven som helst kan få opplysningar om dei hefte og rettar som er registrerte i Lausøyreregisteret. Saman med opplysningar frå Føretaksregisteret og Rekneskapsregisteret kan ein pantattest frå Lausøyreregisteret gje eit godt bilete av til dømes ein potensiell kunde eller samarbeidspartnar.

Kredittopplysningar

Sidan 01.03.2008 har utleggstrekk og forretningar om «intet til utlegg» blitt registrerte i Lausøyreregisteret. Det er oppretta ein felles database for Statens innkrevjingssentral og dei ulike namsmaktene. Informasjonen i databasen blir send elektronisk frå namsmaktene til Lauøyreregisteret og vidare til kredittopplysningsbyråa.

I motsetning til tinglyste hefte i Lausøyreregisteret, vil det bli avgrensa innsyn. Lausøyreregisteret kan berre gi desse opplysningane til advokatar, finansinstitusjonar, inkassobyrå, kredittopplysningsbyrå, offentlege styresmakter og saksøkte/skyldnaren sjølv. Kredittopplysningsbyrå kan utlevere opplysningane vidare til kundane sine.