Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Om Kommunalt rapporteringsregister

Sist oppdatert: 13. februar 2018 .

Kommunalt rapporteringsregister (KOR) gir oversikt over rapporteringspliktene som statlege organ har pålagt kommunar og fylkeskommunar.

KOR er eit verktøy for samordningsfunksjonane i KOSTRA-systemet (kommune-stat-rapportering).

Kommunalt rapporteringsregister gir ei samla oversikt over kommunane og fylkeskommunane sine rapporteringsplikter til staten.

Med rapporteringsplikt meiner vi pålegg om innrapportering av opplysingar frå kommunesektoren til statlege myndigheiter.

Kommunalt rapporteringsregister (KOR) har ei samla oversikt over kommunesektoren sine rapporteringsplikter til staten. Registeret er heimla i kommunelova § 49a.

Departement og underliggjande etatar har plikt til å melde frå til KOR før nye rapporteringsplikter for kommunar og fylkeskommunar blir sette i kraft eller gjeldande rapporteringsplikter blir endra.

Rapporteringsplikta kan ikkje iverksetjast før ho er publisert i KOR. Brønnøysundregistera er registerførar for KOR på oppdrag frå Kommunalt- og moderniseringsdepartementet.

KOR skal gi ei elektronisk oversikt over dei samla rapporteringsplikter som er retta mot kommunar og fylkeskommunar som følgjer av lov eller vedtak fatta av statlege organ. KOR skal også vere eit verkemiddel for samordning og forenkling.

Registeret vil bidra til gjenbruk av informasjon og fremme standardisering av rapporteringa og redusere risikoen for dobbeltarbeid.

KOR gir oversikt over kva opplysingar om ressursbruk og tenesteyting som ulike statlege etatar krev frå kommunar og fylkeskommunar. Desse opplysingane blir brukte i nasjonale informasjonssystem. Registeret viser løpande oppdatert informasjon om den einskilde rapporteringsplikta, oppgåveforvaltar, heimel og belastingsstatistikk. Informasjonen er som nyttig for statlege etatar, kommunar, fylkeskommunar, organisasjonar og media.

Brønnøysundregistera er registerførar for KOR, på oppdrag frå Kommunalt- og moderniseringsdepartementet.