Om Frivilligregisteret

Sist oppdatert: 31. desember 2018 .

Frivilligregisteret skal gjere samhandlinga mellom frivillige organisasjonar og offentlege styresmakter betre og enklare.

Frivilligregisteret blei oppretta i 2009 etter initiativ frå dei frivillige organisasjonane. Med registrering av informasjon om den frivillige aktiviteten i Noreg blir samarbeidet mellom frivillige organisasjonar og offentlege myndigheiter bedre og enklare.

Registeret skal også sikre systematisk informasjon som kan styrke det rettslege grunnlaget til og kunnskapen om den frivillige aktiviteten og legge til rette for den offentlege politikken andsynes frivillig sektor. Dessutan gir data frå frivillig sektor betre grunnlag for å drive med statistikk og forskning.

Som frivillig verksemd reknast aktivitetar som ikkje byggjer på forteneste. Slik frivillig verksemd blir driven av:

  • Ikkje-økonomiske (ideelle) foreiningar
  • alminnelege stiftingar som ikkje deler ut midlar, eller som berre gjer utdelingar til frivillig verksemd
  • næringsdrivande stiftingar som berre gjer utdelingar til frivillig verksemd
  • aksjeselskap som berre gjer utdelingar til frivillig verksemd

Desse aktivitetane blir ikkje rekna som frivillig verksemd:

  • aktivitetar organiserte av det offentlege
  • aktivitetar som er basert på samvirkeprinsipp, og som blir omfatta av samvirkelova

Foreiningar og organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret, kan

  • delta i Grasrotandelen, som er ei ordning som gjer det mogleg for spelarar hos Norsk Tipping å gi ein andel på sju prosent av innsatsbeløpet direkte til ein lokal frivillig organisasjon
  • momskompensasjon, det vil seie at dei kan søkje om å få kompensasjon for moms dei har betalt ved kjøp av varer og tenester