Om Føretaksregisteret

Sist oppdatert: 1. september 2017 .

Føretaksregisteret registrerer alle norske og utanlandske føretak i Noreg, og skal sikre rettsvern og økonomisk oversikt.

Føretaksregisteret blei oppretta i 1988, og har ført vidare funksjonane til dei tidligare nærmare 100 ulike lokale handelsregistra.

Føretaksregisteret har ansvar for registrering av alle norske og utenlandske føretak i Noreg. Registeret skal sikre rettsvern og økonomisk oversikt, og  er ei viktig kjelde for alle som treng korrekte opplysningar om aktørane i norsk næringsliv.

Alle næringsdrivande føretak – med avgrensa så vel som med uavgrensa ansvar – pliktar å registrere seg i Føretaksregisteret. Det same gjeld enkeltpersonføretak som driv handel med innkjøpte varer eller har meir enn fem tilsette i hovudstilling. Andre enkeltpersonføretak kan registrere seg på frivillig grunnlag.

Ei registrering i Føretaksregisteret gjev eit føretak:

  • Rett til å drive næringsverksemd
  • Vern av føretaksnavn som gjev rettsverna namn
  • Firmaattest som legitimasjon overfor långjevarar, tinglysings-, avgifts-, og tollsstyresmakter
  • Organisasjonsnummer som ein viktig identifikasjon overfor styresmaktene og for samordning av offentlege og private næringslivsregister
  • Legitimasjon for utøvande personar i eit føretak

Klare ansvarsforhold

Eit av dei viktigaste formåla med Føretaksregisteret er å sikre klare ansvarsforhold. Det skal ikkje vere tvil om kven som har ulike former for ansvar i eit føretak. Medlemmene i styret og revisor må sjølv skrive under på at dei har teke på seg dette ansvaret. Om det skulle skje endringar i ansvarsforholda i eit føretak, skal dei straks meldast til Føretaksregisteret for å bli registrerte. Forsømer føretaka å melde frå, får dei pålegg om å ordne opp. Derfor vil Føretaksregisteret alltid kunne gje oppdaterte opplysningar om kven som har dei ulike rollene i eit føretak, om endringar i aksjekapital, om eit føretak er send til tingretten for tvangsoppløysing eller er under konkursbehandling, og fleire andre forhold.

Dei fleste opplysningane i Føretaksregisteret er offentlege, og dermed ei viktig opplysningskjelde for den som treng sikker informasjon om nøkkelopplysningar i et føretak.

Føretaksregisteret kan også gje andre opplysningar om føretaket, som kopiar av stiftingsdokument, vedtekter med meir.