SprĂĽk
Søk
Meny

Søk


Velg sprĂĽk



BokmĂĽl

Alt innhold er tilgjengelig pĂĽ bokmĂĽl

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg pĂĽ nynorsk

Om EMAS – Eco-Management and Audit Scheme

Sist oppdatert: 12. juni 2019 .

Skal du registrere organisasjonen din i EMAS-registeret, gjer du det hos Brønnøysundregistera.

EMAS – Eco-Management and Audit Scheme – er ei frivillig ordning for miljøregistrering av organisasjonar innan EU. Ordninga har eksistert sidan 1993. Gjennom EØS-avtalen kan ogsĂĽ norske organisasjonar delta i ordninga.

Ei EMAS-godkjenning betyr at organisasjonen büde overheld og gür lenger i miljøarbeidet sitt enn det som er lovfesta miljøkrav. For norske organisasjonar som skal konkurrere pü den europeiske marknaden, kan det vere ein marknadsmessig fordel ü stü i EMAS-registeret.

 

Klima- og miljødepartementet er hovudansvarleg for EMAS-ordninga i Noreg, med Miljødirektoratet som utøvande organ. Godkjente miljøkontrollørar stür for kontroll av og tilsyn med miljøarbeidet i organisasjonane. Brønnøysundregistera er ansvarleg for godkjenning og registrering av organisasjonar som vil vere med i ordninga. Brønnøysundregistera oppdaterer ogsü registeropplysningar overfor EU-registeret.

EMAS er eit ope register der alle har tilgang til opplysningar om ein EMAS-registrert organisasjon.