Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Om Ektepaktregisteret

Sist oppdatert: 9. april 2018 .

Ektepaktregisteret inneheld avtalar mellom ektefellar som regulerer formueforhold på andre måtar enn det som automatisk følgjer av lovverket

Ektefellar som til dømes ønskjer særeige, må opprette ei ektepakt. For at ektepakta skal få rettsvern overfor eventuelle kreditorar, må ho tinglysast i Ektepaktregisteret. Dei same reglane gjeld for registrerte partnarar. Opplysningane frå Ektepaktregisteret er offentleg tilgjengelege.

Ektepaktregisteret inneheld tinglyste ektepakter fra 1928 og fram til i dag.

Dersom du vil ha opplysningar om ektepakter som er tinglyste før 1981, må du gje opp namn og adresse på ein av partane.

For ektepakter som er tinglyste etter 1981, blir det stilt krav om at du skal gi opp fødselsnummer.

Du kan tinge kopi ved å ta muntleg eller skriftleg kontakt med Brønnøysundregistera. Sjå «Produktinformasjon» for meir informasjon.