Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Om Einingsregisteret

Sist oppdatert: 3. juli 2019 .

Einingsregisteret samordnar grunndata om einingar i næringslivet og offentleg sektor som finst i ulike offentlege register.

Einingsregisteret blei oppretta i 1995 og samordnar grunndata om næringsliv og offentleg sektor som finst i ulike offentlege register, og som er gjengangarar på spørjeskjema. I staden for at kvar offentleg etat sender ut kvart sitt skjema til bedriftene, sørgjer Einingsregisteret for at opplysningane kan hentast frå ein stad. Da Einingsregisteret vart opna i 1995, var det karakterisert som eit av dei viktigaste effektiviseringstiltaka i forvaltninga i den tida.

Einingsregisteret inneheld grunndata om einingar som har registreringsplikt i Aa-registeret som forvaltes av NAV, Meirverdiavgiftsregisteret, Føretaksregisteret, Statistisk sentralbyrå sitt Verksemds- og føretaksregister , Skattedirektoratet sitt register over upersonlege registrerte skatteytarar, Stiftelsesregisteret eller Konkursregisteret. Andre kan registrere seg frivillig i Einingsregisteret.

Det ni-sifra organisasjonsnummeret identifiserer einingane og gjer det lettare for styresmaktene å samarbeide om utveksling av opplysningar. Andre statlege register pliktar ut frå einingsregisterloven å samarbeide med Einingsregisteret og halde opplysningane i registeret oppdaterte, og heile offentleg sektor har plikt til å bruke organisasjonsnummer og opplysningar i Einingsregisteret. Ei samordna registermelding erstattar dei tidlegare registreringsskjemaa for fleire etatar.

Ved at alle etatar effektivt kan utveksle informasjon seg imellom, vil skjemaarbeidet bli enklare for næringsdrivande og andre som driv økonomisk verksemd. Mange foreiningar og andre utan registreringplikt ser nytten av frivillig å la seg registrere i Einingsregisteret. Registreringa er gratis.

Alle opplysningane i Einingsregisteret er offentlege, med unntak av fødselsnummer og D-nummer.