Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Om Akvakulturregisteret

Sist oppdatert: 9. april 2018 .

Akvakulturregisteret inneheld oversikt over akvakulturløyve og vesentlege vedtak knytte til desse, i tillegg til tinglyste rettar på løyva.

Akvakulturregisteret blei oppretta i 2006, og er eit realregister. Det betyr at registeret er ordna etter løyva. Kvart enkelt løyve utgjer ei eigen eining i registeret.

Akvakulturregisteret inneheld ei oversikt over akvakulturløyver og nokre vesentlege forvaltningsvedtak knytte til desse. I tillegg innheld registeret ei oversikt over overføringar, pantsetjingar og andre rettar som er tinglyste på løyva.

Registeret inneheld en forvaltningsdel og ein tinglysingsdel. Fiskeridirektoratet er ansvarleg for forvaltningsdelen til registeret, medrekna utlevering og registrering av innhaldet i akvakulturløyvet (kva slags løyve, lokalitet, nummer mv.). Brønnøysundregistera fører inn og er ansvarleg for opplysningar knytte til tinglysingsdelen. Tinglysing gir rettsvern.

Opplysningane i Akvakulturregisteret er offentlege. Det vil seie at alle kan få opplysningar om hefte og rettar som er registrerte i Akvakulturregisteret.