Ny registerplattform

Sist oppdatert: 20. april 2018 .

Ei av dei viktigaste oppgåvene våre er å gi tryggleik, orden og oversikt i samfunnet gjennom pålitelege registerdata.

No skal 17 register, som blir behandla i 14 ulike system, bli samla på ei felles plattform.

Den viktigaste grunnen til at vi lagar ei ny registerplattform og saksbehandlingsløysing, er fordi vi må erstatte utdatert teknologi og systemløysingar før dei sluttar å fungere. Den eldste teknologien som vi bruker i dag, skriv seg heilt frå 1992. Den nye plattforma blir ein sentral berebjelke for digital kommunikasjon mellom næringslivet, innbyggjarar og myndigheiter.

Vi legg no til rette for meir automatisk saksbehandling med mest mogleg automatiserte vedtak. Løysinga må kunne handtere omkring 240 ulike regelsett, frå det helt generelle, som offentleglova, til det mest spesialiserte, som for eksempel forskrift om grasrotdel.

Fornyingsarbeidet inkluderer også alle støttesystem og annan funksjonalitet som høyrer til dei ulike registera, for eksempel kunderegister, bestillingssystem, abonnementstenester, søk og statistikk.

Ein meir moderne arkitektur og ei meir moderne plattform for saksbehandlinga skal samtidig gjere det lettare å oppnå 100 prosent digitalt mottak av informasjon til registera og 100 prosent digital tilgjengeleggjering frå registera.

Les meir om ny registerplattform på Forenklingsbloggen