Internasjonalt arbeid

Sist oppdatert: 13. desember 2018 .

Brønnøysundregistera samarbeider med utanlandske myndigheiter, organisasjonar og selskap på ulike plan.

Vi har tett dialog med land i Norden som har registerorganisasjonar med oppgåver som ligg nært opp til våre eigne. Vi deltar også på faste møteplassar innanfor EU/EØS-området for utveksling av kompetanse og utforming av felles metodar og standardar. Den viktigaste europeiske arenaen på dette området akkurat no er European Commerce Registers Forum (ECRF).

Utanriksdepartementet har i mange år bidratt med fagleg hjelp til å utvikle pålitelege offentlege register i andre land, som ein viktig del av bistanden til nasjonsbygging og samfunnsutvikling. Brønnøysundregistera har vore ein sentral deltakar i dette i ei rekke land.

Vi forvaltar også informasjon om norske forhold etter internasjonale avtalar. Blant anna er Altinn det norske kontaktpunktet for tenestetilbydarar i EU/EØS. Vi har også tilsvarande plikter på bakgrunn av EU sitt  yrkeskvalifikasjonsdirektiv.

Her finn du eksempel på nokre av dei internasjonale prosjekta våre

eJustice
  • No kan alle finne opplysningar om europeiske føretak i EU sin eJustice-portal. Det skal også bli mogleg å bestille enkelte dokument som årsrekneskap og vedtekter. At vi no kan dele føretaksopplysningar i heile EU og EØS skal gi mindre rapportering for bedriftene og meir effektiv forvaltning over landegrensene.
Smart Government

Smart Government er eit nordisk samarbeid som i hovudsak dreier seg om å forenkle rapporteringa av finansiell informasjon frå dei næringsdrivande ved å ta utgangspunkt i bokføringstransaksjonane. Dette gjeld både rapportering til offentlege myndigheiter og tilgjengeleggjering av informasjon til næringslivet sjølv.

euBusinessgraph
  • euBusinessgraph blir leia av Sintef med seks deltakande land og ti organisasjonar. Dette handlar om å gjere data tilgjengelege for å kunne utvikle tenester som koplar denne informasjonen over landegrenser. For vår del er søkelyset først og fremst på opne data og eit ønske om å utvikle slike løysningar på ein måte som er europeisk/internasjonalt bærekraftig.
TOOP (the once only principle)

TOOP er EU-finansiert med deltaking frå meir enn 20 land og 50 organisasjonar. I Noreg er Brønnøysundregistera nasjonal partnar. Prosjektet ser på moglegheita til å dele føretaksinformasjon mellom myndigheiter i ulike EU/EØS land. Målet er at næringsdrivande skal unngå dobbelrapportering.