Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Informasjonsforvaltning

Sist oppdatert: 20. april 2018 .

Det er eit mål at privatpersonar og verksemder i kontakten sin med det offentlege ikkje må levere same opplysning fleire gongar.

Dette betyr at myndigheitene skal dele og gjenbruke informasjon om forhold som brukaren allereie har gitt til det offentlege, i staden for å spørre på nytt.

Generelt er det nødvendig med strenge krav for å sikre at rett person får tilgang til riktige data. Den offentlege informasjonen må vere riktig, han må vere beskytta og alltid tilgjengeleg. Samtidig er det krevande å halde oversikt over kva informasjon som til kvar tid finst. Dette handlar om å forvalte informasjon – informasjonsforvaltning.

Arbeidet som pågår med å etablere ein felles nasjonal datakatalog er også viktig i denne samenhengen. Datakatalogen skal gi ei oversikt over data det offentlege sit på. I tillegg vil han innehalde felles begrepsforklaring av data og tenester dei ulike verksemdene forvaltar.

Ei oversikt over innhald, tilgangar og bruk vil også gjere det lettare å gi andre adgang til å drive innovasjon med utgangspunkt i offentlege datakjelder.

Meir om dette: