Felles datakatalog

Sist oppdatert: 12. januar 2018 .

Felles datakatalog er ei oversikt over data i offentleg sektor.

Forstørrelsesglass på en bok. Illustrasjon.

Datakatalogen er avgjerande for at innbyggjarar, næringsliv og frivillig sektor berre treng å melde opplysingar ein gong. Slik legg datakatalogen til rette for at offentlege og andre verksemder kan finne og bruke om att informasjon som allereie finst. Mange kan dessutan ha nytte av opplysingar frå det offentlege i utviklinga av nye tenester og innovasjonsretta arbeid.

Datakatalogen er under utvikling. I løpet av 2017 vil omgrep bli synlege, og det vil vere mogleg å søke blant dei.

I Felles datakatalog kan du søke i innhaldet for å finne ut om andre har dei opplysingane du har behov for. Gå til Felles datakatalog

Offentlege verksemder kan legge inn og halde ved like eigne datasett.

Felles datakatalog er utvikla av Brønnøysundregistera i samarbeid med Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT) og andre etatar.